KURS - Å SPELE PÅ NYNORSK - DEL 2
Apr
24
to Apr 26

KURS - Å SPELE PÅ NYNORSK - DEL 2

 

Kurshaldar Eldbørg Lognvik

 

Dette kurset er ei vidareføring av kurset «Å spele på nynorsk – eit kurs i dialektomlegging», og rettar seg mot kursdeltakarar som har delteke på dette. Målet med del 2 er at deltakarane skal kjenne seg tryggare i møte med nynorsk scenetekst og i arbeidet med å levandegjera nynorsk scenespråk. Deltakarane skal kunne nytte seg av metoden for dialektomlegging i dette arbeidet.


Innhald
Vi held fram med samtalene rundt nynorsk scenespråk. Mellom anna drøftar vi: Kva er “mitt” nynorske scenespråk? Korleis skil det seg frå andre former for nynorsk scenespråk? Korleis endrar det nynorske scenespråket seg i takt med dialekten og det geografiske området ein tek utgangspunkt i?

Kort oppfrisking av metoden for dialektomlegging.
Deretter går vi vidare i arbeidet med metoden. Fokuset er integrering av talespråk, kropp og stemme. Deltakarane vil få individuell rettleiing og arbeidet vil for ein stor del vere praktisk.

Det blir også rom for at deltakarane på kurset kan kome med individuelle ønskje og innspel til kva vi kan arbeide med.

Tidspunkt
Onsdag 24. april: kl. 12-19 (startar med lunsj)
Torsdag 25. april: kl. 10-17
Fredag 26. april: kl. 10-15

Overnatting
Earlybird-tilbod til dei fem første som søker og får plass er gratis bustad i Prestegarden. Deltakarane må ellers bekoste overnatting sjølv, men kan nytte Teater Vestlands hotellavtale.

OM TEATER VESTLAND
Som regionteater ønsker Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane Teater) å vere eit kompetansesenter for scenekunstnarar og ein møteplass for folk i bransjen.

Teater Vestland flyttar i skrivande stund inn i splitter nytt teaterhus midt i Førde sentrum: Nynorskhuset. Her har teateret to scener: hovudscena og blackboxen. I tillegg turnerer teateret med fleire format i Vestland fylke. Teateret speler på nynorsk og vestnorske dialekter og er landets største nynorske turneteater. Teateret har som visjon «å røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før».

Les meir om deltakarkriterie og reisestøtte her

Kurset er eit samarbeid med Norsk Skuespillersenter

View Event →
PRØVEROM
Apr
5
8:00 PM20:00

PRØVEROM

I samarbeid med Norsk Skuespillersenter tilbyr vi prøverom i Førde, med fokus på nynorsk som scenespråk.

OM PRØVEROM

Prøverom er ei kunstnarleg utforsking av ein idé. Det er eit forprosjekt, der ein idé/eit konsept blir prøvd ut og forska i. Prøverom er ikkje del av ein prøveperiode. Gruppa får tilbod om honorar til ein rettleiar som skal gi nye perspektiv på utforskingsstadiet. Denne rettleiaren kan ikkje vere ein person som allereie er knytt til kompaniet/prosjektet.

PRAKTISK INFORMASJON

Målgruppe: Prosjekt på nynorsk og med mangfaldsfokus blir prioritert

Dato: 20.–24. mai 2024

Søknadsfrist: 19. mars


Ved tildelt Prøverom får du:

Øvingsrom i Teater Vestland sine nye lokale i Nynorskhuset i Førde i inntil 5 dagar

Losji i Teater Vestland sine bustader i opptil 5 dagar for inntil 4 personar

Betalt rettleier i 2 dagar, inklusiv opphald og reise (inntil NOK 8000,- totalt)

Rom med grunnleggjande teknikk (minimum scene 2: 15m x 12 m)

Moglegheit for rettleiing om korleis ein nyttar nynorsk som scenespråk (etter avtale)

Moglegheit for arbeidsvising siste dag av prøverom med publikum (etter avtale)

Personale: Ved behov stiller kompani/scenekunstnar sjølv med teknikar, om ikkje anna er avtalt.


DELTAKARKRITERIUM

Ope for profesjonelle skodespelarar, det vil seie med godkjend, treårig utdanning på høgskulenivå i utøvande skodespelarkunst, eventuelt tilsvarende profesjonell skodespelarerfaring. Prosjektet kan inkludere profesjonelle kunstnarar med annan fagleg/kunstnarleg bakgrunn. CV-ar må sendast inn på alle deltakarar.


VILKÅR

Teater Vestland og Norsk Skuespillersenter må nemnast som støttepartnarar i all marknadsføring av prosjektet, og logoane våre må nyttast i dei samanhengane der det er naturleg (nettside, flyer, plakat, program o.l.).

Deltakarane må skrive ein kort rapport (ei halv A4-side) som vi kan gjere tilgjengeleg på våre heimesider og nytte i andre samanhengar. Rapporten må skildre prosessen og kva som er oppnådd, inkludert ei oversikt over alle skodespelarane og andre deltakarar som var med. Legg gjerne ved bilde, lenke til video eller heimeside osv.

OM TEATER VESTLAND

Som regionteater ønsker Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane Teater) endå tettare samarbeid og utveksliing med scenekunstnarar og teaterkompani i det frie feltet. Teateret ønsker å gi frie grupper moglegheit til utforsking og utprøving av idear og konsept og til å stimulere til fleire produksjonar som bruker nynorsk som scenespråk. I tillegg ønsker teateret å bidra til at publikum og utøvarar skal møte kvarandre.

Teater Vestland har flytta inn i splitter nytt teaterhus midt i Førde sentrum: Nynorskhuset. Her har teateret to scener: hovudscena og blackboxen. I tillegg turnerer teateret med fleire format i Vestland fylke. Teateret speler på nynorsk og vestnorske dialekter og er landets største nynorske turneteater. Teateret har som visjon «å røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før».

View Event →
LIVEPOD FRÅ NYNORSKHUSET
Mar
9
8:00 PM20:00

LIVEPOD FRÅ NYNORSKHUSET

Sett av kvelden! Fredag 8. mars inviterer Firda til livepodkast med Den dama, i samarbeid med Sunnfjord U40 og Teater Vestland.

I høve kvinnedagen inviterer vi til spesialpod med noko attåt. Den nye podkasten til Firda flyttar studio til scene 2 i Nynorskhuset for kvelden – og du er invitert til å bli med.

Her blir det garantert god stemning når Røyst riggar opp bar i black boxen. På scena blir det gode samtalar med spennande damer og etter poden kan du henge att for å slå av ein prat eller ti med kjente og ukjente.

Den dama live: Gjennom to seansar får du høyre programleiarane Cecilie Brendehaug Rysjedal og Synne Muren Olsen i samtale med fire damer.

  • Amerikanaren Siri Kristina Iversen valde å flytte til Norge med sin norske mann for mange år sidan. No er ho mor til tre, driv cateringfirmaet Siri’s Soulfood og jobbar i barnehage.

  • Margunn Indrebø Alshaikh er avdelingsdirektør i Norec, og har jobba for FN i utlandet i 15 år. I dag bur ho i Angedalen med mann og barn.

Begge har fått merke forskjellane mellom Norge og utlandet – på kvar sin måte. Med eit kvinneperspektiv: Kva kan vi lære av andre land? Og kva er vi skikkeleg gode på i Norge?


Du møter også mor og dotter, Gunn Merete Paulsen og Ingeborg Paulsen Hamre. Gunn Merete er utdanna advokat, er partner i PwC og gruppeleiar i Sunnfjord Venstre.

  • Ingeborg går siste året på vidaregåande og er russepresident for studiespesialiserande linje.

Dei kjem til oss for å diskutere kva som blir viktig framover. Når er vi likestilte nok? Kva meiner politikaren er framtidas problemstillingar og løysingar? Og kva tenker den neste generasjonen?

Frå to perspektiv skal vi utforske kva det vil seie å vere kvinne i Sunnfjord i dag og i framtida. Med andre ord blir det spennande kvinner i monitor frå Førdes nye storstove.

Kor? Scene 2 i Nynorskhuset.
Kor tid? Dørene opnar klokka 20, så kom gjerne då – så rekk du å slå av ein prat og fylle glaset før podstart klokka 20.30.

Svolten? Etter podkasten serverer Røyst spicy toast med fries til dei som bestiller på førehand. Legg det til i billetten din.

Etter podkastshowet blir det open bar i Scene 2 og i Røyst.


Arrangementet er ope for alle og kostar 50 kroner. For å sikre deg plass må du bestille billett.

Varm opp med teater! Det er ikkje det einaste som skjer på Nynorskhuset denne kvelden. Vil du gjere det til ein all nighter så markerer Teater Vestland kvinnedagen med forestillinga «Den heilage kua – om å føde ein nordmann». Her får du ei humoristisk og poetisk framsyning om morskap og fødselsomsorg, om felleskap og likestilling, om språk, identitet, feminisme og integrering. Forestillinga startar kl 19, og er ferdig 20 – så du rekk begge deler.

View Event →
Ord som kunst: Eit forfattarmøte med Brynjulf Jung Tjønn
Feb
27
11:30 AM11:30

Ord som kunst: Eit forfattarmøte med Brynjulf Jung Tjønn

  • Teater Vestland i Nynorskhuset (map)
  • Google Calendar ICS
 

Dato: 27. februar klokka 11.30-12.30
Stad: Røyst mat & vin, Nynorskhuset
Pris: Gratis

Vel møtt til avduking av tingingsverket «Barnet i skogen» av Brynjulf Jung Tjønn, eit dikt som slyngjer seg oppover trappetrinna i foajeen i Nynorskhuset i 24 trinn og 24 linjer!

Brynjulf Jung Tjønn er ein kritikarrost og allsidig forfattar som skriv både for barn, ungdom og vaksne. Han skriv ofte om møte med dyr, gjerne i ein skog, og om det einsame barnet som ikkje finn sin eigen plass og søker trøyst eller omsorg. Dessutan liker han det uavklarte, mystiske og magiske.

To av romanane hans er dramatiserte her ved teateret: «Så vakker du er» i 2016 og «Alt det lyse og alt det mørke» i 2019. Boka «Kvar dag skal vi vere så modige» frå 2021 fekk P2-lyttaranes gjeve romanpris, og fjorårets diktsamling «Kvit, norsk mann» har gått inn i det offentlege ordskiftet om adopsjon.

Han bruker seg sjølv og eigne erfaringar i store delar av forfattarskapen, så også i trappeverket i Nynorskhuset. I samtale med biblioteksjef Jorun Systad vil han komme innom naturen han vaks opp med på ein gard i Sogn, og korleis det har tatt han lang tid å bli trygg på det vestlandske landskapet og det nynorske språket.

I Nynorskhuset skal det vere trygt å komme inn. Verket vil bli lese høgt og høgtideleg avduka.

 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Sunnfjord bibliotek. Det er gratis inngang og høve til å kjøpe lunsj i restauranten.

Verket er laga på bestilling frå samarbeidspartane i Nynorskhuset: Teater Vestland, NRK Vestland og Firda.

 
View Event →
Klovneskule i vinterferien
Feb
23
1:30 PM13:30

Klovneskule i vinterferien

 
 

Tidsrom: 19.-23. februar (veke 8)
Stad: Teater Vestland i Nynorskhuset (ved Alti, storehagen 10)
Tidspunkt: Kl. 10.00 - 14.00 måndag til torsdag. Fredag: kl. 10-15.30 med framsyning av klovneshow for føresette kl. 15.00-15.30
Alder: 8 år og oppover
Tal plassar: 15 stk
Pris: 1.000 kr
Påmelingsfrist 15. februar kl. 12.00

Bli med på eit engasjerande klovnekurs og utforsk ei verd fylt med latter, fantasi og glede!

Kurset passar både for dei som er ute etter moro og kreativ utfalding, og dei som ønskjer å oppdage sin indre klovn. Kurset vert leia av ein erfaren klovn, og deltakarane får vere med på interaktive øvingar, improvisasjonsleikar og klovneteknikkar, i tillegg til å utforske dei grunnleggande prinsippa i klovning.

I dette kurset lærer du fysisk komedie, rørsler og kunsten å samhandle med publikum. Opplev krafta i kroppsspråket, ansiktsuttrykka dine og stemma di, medan du skapar latter og uforgløymelege augneblinkar.

Tidlegare erfaring er ikkje naudsynt, sidan kurset tilbyr ein støttande atmosfære for utforsking og vekst. Slepp laus din indre klovn, ver spontan og la fantasien blomstre medan du dykkar inn i den magiske verda til klovnen!



Kurset er produsert av Latter Event som er eit underhaldningsselskap dedikert til å skape unike arrangement fylte med latter og uforgløymelege minne. Med spesialisering innan show, gate-teater og workshops tilbyr Latter Event underhaldande kurs baserte på teater, klovneri, improvisasjonsteater og nysirkus. Les meir om Latter Event her eller sjekk ut youtube her

Spørsmål? Ta kontakt med produsent@teatervestland.no

 
View Event →
Olav Stedje - I levande live
Feb
10
6:00 PM18:00

Olav Stedje - I levande live

 
 

Olav Stedje har i den siste tida samarbeidd med Ylvis, og turnert med Odd Erik Lothe og Finn Tokvam.

No er han på turne med Folkeakedemiet Sogn og Fjordane.

Han kjem til Nynorskhuset i Førde aleine, med gitar og viser frå ei lang og spanande karriere.

 

Ved å synge på sin eigen dialekt, har Sogndølen vore banebrytande når det gjeld bruk av dialekt, også i popmusikk. Olav Stedje har gitt ut fleire plater, og på 1980-tallet deltok han i Melodi Grand Prix tre gonger.

Ser ein bort frå «Stao no pao», supportarsongen til Sogndal, er Olav Stedje sin største hit "Vi vandrar saman". Denne sviska er eit fint eksempel på at kjærleik, følelsar og omsorg for kvarandre er gjennomgangstema i låtane hans.

Velkommen til ein hyggeleg laurdagskveld på Scene 2

 
View Event →
AMATØRTEATER Våren 2024
Jan
1
to Apr 5

AMATØRTEATER Våren 2024

amatørteater for vaksne!

Komedie, tragedie eller øve på teknikk? Improvisasjon, klovning eller fysisk teater? Berre jobbe på golvet eller også setje opp ei framsyning for publikum?

Dei som melder seg på får stort rom til å vere med og forme tilbodet. Instruktør er Wilhelm Støylen. Han er utdanna skodespelar og programskapar for NRK, og han leia ei liknande gruppe då han budde i Oslo.

— Det viktigaste for meg er å skape eit trygt rom, der folk torer å opne seg opp. Ei mobilfri sone for vaksne. Så kjem vi i fellesskap fram til korleis vi vil bruke tida.

Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt har gleda seg lenge til å gå i gang med amatørteater for vaksne.

— Ei stund no har vi hatt teaterskule i feriane og eit heilårig tilbod for elevar i samarbeid med Sunnfjord kulturskule. Eg har ikkje talet på kor mange av foreldra som har sagt at dei skulle ønske det fanst eit tilbod for vaksne også. No får dei det! Dette er ein gøyal fritidsaktivitet for dei som går rundt med ein skodespelar i magen, eller berre vil bli tryggare på seg sjølve, seier ho og held fram:

— I det nye teaterhuset i Nynorskhuset har vi to fantastiske salar. Sjenerøse gåver har gjort oss i stand til å investere i utstyr, slik at vi kan få til denne typen fleirbruk og eit endå meir levande hus for nynorsken midt i Førde sentrum.

Amatørteater-øvingane er kvar måndag på Teater Vestland i Nynorskhuset.
Pris: 875 kr per semester

Påmeldinga er stengt pga at det ikkje er fleire ledige plassar på gruppene. Det er høve til å setje seg på venteliste, og så tek vi kontakt om det skulle bli nokre ledige plassar gjennom semesteret.

View Event →
Fest for Fosse
Dec
10
3:00 PM15:00

Fest for Fosse

Søndag 10. desember får Jon Fosse verdas gjevaste litteraturpris for å gje stemme til det useielege. Kva betyr det?

Grunngjevinga frå juryen i Nobelkomiteen minner litt om korleis ei av våre fremste formidlarar av Fosse sine tekstar forklarer det eineståande ved litteraturen hans. – Jon Fosse er ein unik diktar som gjev oss språk for det språklause, seier skodespelar Hildegunn Riise.

Denne søndagen kjem ho til Nynorskhuset for å feire tildelinga saman med oss. I poesikonserten «Blått svev» vil ho lese dikt av Jon Fosse i den nye teatersalen med tonefylgje frå musikar og komponist Benedicte Maurseth. Når Hildegunn Riise les , er det som om vi straks forstår kva det vil seie å gje stemme til det useielege:

-Det har vore vanskeleg å skulle gjere eit utval blant alle sterke dikta i denne særeigne og sterke forfattarskapen. Eg har valt dikt som lenge har vore som skattar for meg, men også tekstar som har festa seg i meg gjennom dette arbeidet; dikt som er fylte med kjærleik og lys, einsemd, død og trøyst. Med andre ord dikt som set ord på noko djupt universelt og menneskeleg, forklarar den folkekjære og omtykte skodespelaren.

– Eg prøver å skrive så enkelt som eg berre kan få det til, utdjupar Fosse sjølv i eitt av sine essay. Æra for prisen deler han med språket: - Endeleg har nynorsken fått sin nobelpris! Eg er veldig glad i språket mitt. Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det, har prisvinnaren tidlegare understreka.

Rom for ord, Teater Vestland, NRK og Røyst mat og vin går i firspann saman med Sunnfjord kommune for å feire både Fosse, språket og litteraturen på det nye Nynorskhuset i Førde denne historiske dagen då nynorsken får sin første Nobelpris.

Prisvinnaren sjølv har gjort det klart at han ikkje kjem til å delta på fleire tilstellingar som har med prisen å gjere. Jon Fosse held seg borte frå rampelyset, men ein stad trivst han.

- Kaffistova har alltid vore min kafé i Oslo. Eg har gjeve mange intervju der, og der har eg trefst med vener og kjenningar i alle dei år. No etter at eg osloborgar er vorten, ja så er eg i periodar innom Kaffistova kvar einaste dag. Til hans andre heimland Austerrike finst det også spor å fylgje, når kokk Christel Eide finn inspirasjon til smaksmenyen for søndagens ettermiddags-te i Røyst på Fosse-festen. I høge glas ventar ein smak av Hardanger, som venteleg er når vi feirar ein litteraturprisvinnar frå Strandebarm.

Vertskap for festen er journalist og initiativtakar Stian Sjursen Takle og kunstnarleg leiar i Rom for ord, Janne Karin Støylen. Etter konserten viser NRK pristildelinga frå Stockholm direkte på storskjerm.

Stad: Nynorskhuset
Tidspunkt:
15:00 Ettermiddags-te (Røyst mat & vin)
16:00 Strøyming av utdeling av Nobel litteraturpis (Teatersalen)
17:10 Poesikonsert (Teatersalen) ca 50 min.

Det vert høve til å kjøpe billett til heile arrangementet eller kun til poesikonsert og strøyming.

View Event →
Jon Fosse ord for ord
Dec
8
to Dec 10

Jon Fosse ord for ord

Verdas lengste teater-hending

Nobelhelga 8. - 10. desember går den historiske hendinga «Jon Fosse ord for ord» av stabelen på Det Vestnorske Teateret. Om kvelden fredag 8. desember set eit stort lag med 40 skodespelarar i gong med å lese alle Jon Fosses 41 skodespel i rekkefølge, på 40 timar. NRK sender alt direkte, krydra med engasjerte innslag og kommentarar frå fjern og nær. Den samanhengande lesinga vil gå føre seg dag og natt , utan stans, til utpå føremiddagen søndag den 10. desember.




- Eg er glad og takksam for denne store satsinga og eg har aldri før høyrt om noko liknande, seier Jon Fosse. - Dette vert rett og slett ei verdshending folk aldri har sett maken til, seier teatersjef Thomas Bye ved Det Vestnorske Teateret.




Eit unikt samarbeid mellom fire teater og NRK

Det Vestnorske Teateret står i spissen for dette store samarbeidsprosjektet med NRK. Med i samarbeidet er òg Den Nationale Scene, Det Norske Teatret og Teater Vestland. Ei stor gruppe skodespelarar, mange med vestlandsk tilknyting, vil skifte på å gi oss inspirerte lesingar.




Direktesending med publikum i salen

Arrangementet byrjar med "Nokon kjem til å kome" frå 1992 og rundar av med mellom anna "I svarte skogen inne", som hadde urpremiere på Det Vestnorske Teateret under Festspillene i Bergen i år. Lesingane vil gå føre seg framfor publikum i teatersalen.

«Jon Fosse ord for ord» byrjar klokka 20.05 den 8. desember. Direktesendinga går utan stopp, vekslande mellom NRK1 og NRK2 fram til søndag 10. desember – dagen Jon Fosse tek imot nobelprisen i litteratur. NRK kjem og til å legge heile sendinga ut til strøyming via NRKTV.

Det Vestnorske Teateret legg billettar i sal innan få dagar: Følg med her




Arrangementet er gjort mogleg med øyremerka tilskot frå Kulturdepartementet, Vestland fylkeskommune, Bergen kommune og Sparebanken Vest, samt NRK.

PROGRAM

FREDAG

Fredag kl. 20.00: Nokon kjem til å kome (1992)
Han: Kristoffer Sagmo Aalberg. Ho: Reidun Melvær Berge. Mannen: Sigmund Njøs Hovind

Fredag kl. 21.25: Og aldri skal vi skiljast (1993)
Ho: Gjertrud Jynge. Han: Kristoffer Sagmo Aalberg. Jenta: Reidun Melvær Berge

Fredag kl. 22.45: Gitarmannen (1994) (på skjerm)
Gitarmannen: Bjørn Willberg Andersen

Fredag kl. 23.30: Namnet (1994)
Jenta: Monica Dybwad. Guten: Knut Erik Engemoen. Systera: Reidun Melvær Berge. Mora: Gjertrud Jynge. Faren: Bjørn Willberg Andersen. Bjarne: Sigmund Njøs Hovind.

LAURDAG

Laurdag kl. 00.50: Barnet (1995)
Fredrik: Knut Erik Engemoen. Arvid: Kristoffer Sagmo Aalberg. Agnes: Reidun Melvær Berge. Evelyn: Hildegun Riise. Legen: Sigmund Njøs Hovind. Sjukesøstra: Monica Dybwad

Laurdag kl. 01.45: Mor og Barn (1996)
Mora: Hildegun Riise. Guten: Knut Erik Engemoen.

Laurdag kl. 02.40: Sonen (1996)
Mora: Hildegun Riise. Faren: Kristoffer Sagmo Aalberg. Sonen: Knut Erik Engemoen. Naboen: Svein Harry Schöttker-Hauge.

Laurdag kl. 03.30: Natta syng sine songar (1997)
Den unge kvinna: Monika Dybwad. Den unge mannen: Knut Erik Engemoen. Faren: Svein Harry Schöttker-Hauge. Mora: Hildegun Riise. Baste: Andreas Tønnesland.

Laurdag kl. 04.30: Ein sommars dag (1997)
Den eldre kvinna: Hildegun Riise, Den eldre venninna: Arnhild Litleré. Den unge kvinna: Dagny Backer Johnsen. Asle: Knut Erik Engemoen. Den unge venninna: Monica Dybwad. Mannen: Andreas Tønnesland

Laurdag kl. 05.30: Draum om Hausten (1998)
Mann: Andreas Tønnesland. Kvinne: Dagny Backer Johnsen. Mor: Arnhild Litleré. Far: Svein Harry Schöttker-Hauge. Gry: Reny Gaassand Folgerø

Laurdag kl. 07.05: Dei døde hundane (1999)
Mora: Arnhild Litleré. Den unge mannen: Andreas Tønnesland. Kameraten: Jonas Fuglevik Urstad. Svogeren: Jonatan Filip. Søstera: Reny Gaassand Folgerø

Laurdag kl. 08.30: Medan lyset går ned og alt blir svart (1999)
Mannen: Jonatan Filip. Kvinna: Reny Gaassand Folgerø. Jenta: Dagny Backer Johnsen. Guten: Jonas Fuglevik Urstad.

Laurdag kl. 08.55: Vakkert (1999)
Jenta (Siv): Dagny Backer Johnsen. Guten: Jonas Fuglevik Urstad, Mannen (Geir): Thomas Bye. Den andre mannen (Leif): Jonathan Filip. Kvinna: Reny Gaassand Folgerø, Mora: Arnhild Litleré

Laurdag kl. 10.15: Leve hemmeleg (1999) (på skjerm)
Mannen: Thomas Bye

Laurdag kl. 10.30: Besøk (1999)
Mora: Arnhild Litleré. Jenta (Siv): Dagny Backer Johnsen. Mannen (Eivind): Jonatan Filip. Broren (Leif): Jonas Fuglevik Urstad.

Laurdag kl. 11.45: Sov du vesle barnet mitt (1999)
Den første personen: Jonatan Filip. Den andre personen: Reny Gaassand Folgerø. Den tredje personen: Jonas Fuglevik Urstad.

Laurdag kl. 12.10: Vinter (2000)
Kvinna: Thea Lambrechts Vaulen, Mannen: Karl Vidar Lende.

Laurdag kl. 13.10: Ettermiddag (2000)
Den gamle mannen: Geir Kvarme. Erna: Kirsti Refseth. Georg: Karl Vidar Lende. Asle: Niklas Gundersen, Elise: Kjersti Dalseide, Søstera: Thea Lambrechts Vaulen

Laurdag kl. 14.20: Dødsvariasjonar (2000)
Den eldre kvinna: Kirsti Refseth, Den eldre mannen: Geir Kvarme, Den unge kvinna: Thea Lambrechts Vaulen, Den unge mannen: Karl Vidar Lende, Dottera: Kjersti Dalseide, Vennen: Niklas Gundersen

Laurdag kl. 15.30: Jenta i sofaen (2001)
Kvinna: Kirsti Refseth, Jenta: Kjersti Dalseide, Mannen: Morten Svartveit. Mora: Hildegun Riise, Søstera: Thea Lambrechts Vaulen, Onkelen: Niklas Gundersen, Den eldre søstera: Julie Støp Husby, Den gamle faren: Geir Kvarme, Faren: Thomas Bye

Laurdag kl. 17.00: Lilla (2002)
Guten: Tor Henrik Melle. Jenta: Natalie Rodrigues. Trommeslagaren: Christopher Jonatan Røine. Vokalisten: Elias Henriksen. Bassisten: Joakim Bjørnevoll Træen

Laurdag kl. 17.45: Ein raud sommarfugls vengjer (2002)
1: Geir Kvarme. 2: Karl Vidar Lende. 3: Niklas Gundersen.

Laurdag kl. 18.05: Suzannah (2003)
Den gamle Suzannah: Hildegun Riise. Den middelaldra Suzannah: Kirsti Refseth. Den unge Suzannah: Kjersti Dalseide

Laurdag kl. 19.30: Sa ka la (2005)
Henning: Niklas Gundersen. Johannes: Thomas Bye. Mamma: Hildegun Riise. Sjukesøstera: Reidun Melvær Berge. Den yngste dottera (Nora): Kjersti Dalseide. Den eldste dottera (Hilde): Julie Støp Husby. Venninna (Trine): Kirsti Refseth. Karsten: Amell Basic. Broren (Ola): Morten Svartveit

Laurdag kl. 20.35: Der er du (2003)
Mannen: Niklas Gundersen. Den unge kvinna: Reidun Melvær Berge. Kvinna: Irene Waage

Laurdag kl. 21.15: Svevn (2003)
Den første unge kvinna: Reidun Melvær Berge. Den første unge mannen: Amell Basic. Den andre unge kvinna: Julie Støp Husby. Den andre unge mannen: Lars Henrik Aarnes. Den middelaldrande mannen. Morten Svartveit. Den eldre kvinna: Hildegun Riise, Den eldre mannen: Tormod Løvold, Den middelaldrande kvinna: Kathrine Lunde Mackenzie, Mannen: Thomas Bye, Sonen: Torbjørn Eriksen.

Laurdag kl. 22.30: Telemakos (2004)
Friaren: Amell Basic. Telemakos: Lars Henrik Aarnes. Songaren: Torbjørn Eriksen. Penelope: Irene Waage

Laurdag kl. 23.10: Varmt (2004)
Den første mannen: Tormod Løvold. Den andre mannen: Amell Basic, Kvinna: Katrine Lunde Mackenzie

SØNDAG

Sundag kl. 00.20: Fridom (2005)
Mannen: Torbjørn Eriksen. Kvinna: Katrine Lunde Mackenzie. Den andre kvinna: Irene Waage.

Sundag kl. 00.40: Jente i gul regnjakke (2005)
Einsleg mann: Amell Basic. Første kvinne: Irene Waage. Første mann: Tormod Løvold. Andre kvinne: Katrine Lunde Mackenzie. Andre mann: Torbjørn Eriksen, Einsleg kvinne: Reidun Melvær Berge

Sundag kl. 01.40: Der borte (2005)
Mannen: Tormod Løvold. Kvinna: Irene Waage.

Sundag kl. 02.00: Skuggar (2005)
Far: Tormod Løvold. Mor: Katrine Lunde Mackenzie. Mannen: Torbjørn Eriksen. Kameraten: Kasper Skovli Botnen. Jenta: Reidun Melvær Berge. Kvinna: Irene Waage

Sundag kl. 03.15: Rambuku (2005)
Ho: Katrine Lunde Mackenzie. Han: Torbjørn Eriksen. Rambuku: Lars Henrik Aarnes.

Sundag kl. 04.30: Hav (2006)
Skipsføraren: Thomas Bye. Gitarspelaren: Peder Lauvås. Kvinna: Carina Furseth. Den eldre mannen: Stig Amdam. Den eldre kvinna: Marianne Nielsen. Mannen: Kasper Skovli Botnen.

Sundag kl. 05.45: Eg er vinden (2006)
Den eine: Stig Amdam. Den andre: Kasper Skovli Botnen

Sundag kl. 06.45: Desse auga (2007)
Første røyst: Kasper Skovli Botnen, Andre røyst: Thomas Bye. Skuggen: Idun Losnegård. Ung kvinne: Carina Furseth. Gammal kvinne: Marianne Nielsen. Ung Mann: Peder Lauvås. Gammal mann: Stig Amdam.

Sundag kl. 07.45: Juletresong (2009)
Ein mann: Peder Lauvås

Sundag kl. 08.00: Sterk vind (2019)
Mannen: Stig Amdam, Kvinna: Idun Losnegård, Den unge mannen: Kasper Skovli Botnen

Sundag kl. 09.05: I svarte skogen inne (2019)
Yngre mann: Peder Lauvås. Eldre kvinne: Marianne Nielsen. Eldre mann: Stig Amdam. Yngre kvinne i kvit lang kjole: Carina Furseth. Mann i svart dress: Aslak Moe

Sundag kl. 10.15: Slik var det (2020)
Ein eldre mann: Stig Amdam

Sundag kl. 11.00: Leika leiken (2021)
Vaksenrøyst: Idun Losnegård. Barnerøyst: Carina Furseth






View Event →
Førde Mållag - Kulturkveld
Nov
9
7:00 PM19:00

Førde Mållag - Kulturkveld

 

Førde Mållag i samarbeid med Teater Vestland inviterer til kulturkveld i Teatersalen i Nynorskhuset

Torsdag 9. november klokka 1900

 Program:

  • Kåseri ved Arve Sandal “Nynorsken og eg”

  • Bokbad: Marianne Clementine Håheim

  • Korsong med kvinnekoret Kvitre

  • Innslag frå elevar ved Sunnfjord kulturskule

  • Utdeling av Målprisen 2023

 

Pris kr 100,-. Medlemmer i Noregs Mållag: kr 50,-.

 

Fotokreditering: Arve Sandal (Vidar Helle), Marianne Clementine Håheim (Andreas E. Nygjerd), Kvitre (Dagrun Reiakvam).

 
 
View Event →
KURS - Å SPELE PÅ NYNORSK
Oct
30
to Nov 2

KURS - Å SPELE PÅ NYNORSK

Å spele på Nynorsk
Ekte og levande

Har du kjent deg usikker på scena? At du ikkje er levande nok, ikkje får «tak» på teksten eller ikkje får tatt ut potensialet ditt som skodespelar – at det rett og slett er noko som ikkje fell på plass?

Dette er typiske utfordringar som mange skodespelarar seier at dei møter når dei skal bruke eit scenespråk som er annleis enn det språket, dialekta eller språkstilen dei brukar til vanleg.

I kurset arbeider vi oss gjennom «metoden for dialektomlegging», ein arbeidsmetode som er særs nyttig i møte med eit nytt eller uvant scenespråk. Kurset rettar seg mot skodespelarar og fokuserer på nynorsk, men vil vere nyttig og aktuelt uansett kva scenespråk ein nyttar, eller kva språk- og dialektbakgrunn ein har. Kurset er også relevant for andre som direkte eller indirekte jobbar med formidling av språk, for eksempel regissørar.

Som deltakar får du eit verktøy for systematisk dialektomlegging i arbeidet ditt. Det vil gjere deg sterkare i møte med tekst og scenespråk, slik at du raskare finn kjerna i karakteren, blir trygg på scena og er open for samspel med andre.

Undervisinga er lagt opp med foredrag og praktiske øvingar, og deltakarane vil få meir informasjon etter kvart som kurset nærmar seg.

Tidspunkt:

31. oktober: kl. 12 – 19 (startar med lunsj)

1. og 2. november: kl. 10-16 begge dagar

Søknadsfrist: 1. oktober 2023

OVERNATTING

Kursdeltakarar får høve til gratis overnatting i kollektiv gjennom Teater Vestland. Eige soverom, felles stove, kjøkken og bad. Gi beskjed om du ønsker dette.

OM TEATER VESTLAND

Som regionteater ønsker Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane Teater) å vere eit kompetansesenter for scenekunstnarar og ein møteplass for folk i bransjen.

Teater Vestland flyttar i skrivande stund inn i splitter nytt teaterhus midt i Førde sentrum: Nynorskhuset. Her har teateret to scener: hovudscena og blackboxen. I tillegg turnerer teateret med fleire format i Vestland fylke. Teateret speler på nynorsk og vestnorske dialekter og er landets største nynorske turneteater. Teateret har som visjon «å røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før».

BIO ELDBJØRG LOGNVIK

Kurshaldar Eldbjørg Lognvik er utdanna lærar og logoped, og ho underviste på skodespelarutdanninga ved Statens Teaterhøgskole, seinare Khio, i mange år.

I 2005 leverte ho hovudfagsoppgåve om problematikken rundt dialektovergang; kva skjer med stemme og kroppsspråk når vi skal byte dialekt eller språk?

I 2013 flytta ho tilbake til heimbygda Flatdal i Telemark, og ho har dei siste åra arbeidd innanfor stemmebehandling, stemmeutvikling og språkarbeid/dialektovergang i ulike samanhengar, mellom anna ved Nationaltheatret, NRK og filminnspelingar.

I 2015 gav ho ut boka «Publikum på alle kantar», ei handbok i stemme- og språkarbeid, basert på pensum ved skodespelarutdanninga, god faglitteratur og erfaringar gjennom mange års praksis.

Kurset er i samarbeid med Norsk Skuespillersenter.

 

Sagt om kurset

Det er tredje gong vi arrangerer kurs i dialektomlegging. I denne artkkelen kan du mellom anna lese kva tidlegare deltakarar seier.

View Event →
PRØVEROM
Oct
23
to Oct 25

PRØVEROM


I samarbeid med Norsk Skuespillersenter tilbyr vi hausten 2023 prøverom med fokus på nynorsk. Søknadsfrist: 21. juni 2023

OM PRØVEROM

Prøverom er ei kunstnarleg utforsking av ein idé. Det er eit forprosjekt, der ein idé/eit konsept blir prøvd ut og forska i. Prøverom er ikkje del av ein prøveperiode. Gruppa får tilbod om ein rettleiar som skal gi nye perspektiv på utforskingsstadiet. Denne rettleiaren kan ikkje vere ein person som allereie er knytt til kompaniet/prosjektet.

OM TEATER VESTLAND

Som regionteater ønsker Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane Teater) endå tettare samarbeid og utveksling med scenekunstnarar og teaterkompani i det frie feltet. Teateret ønsker å gi frie grupper moglegheit til utforsking og utprøving av idear og konsept og til å stimulere til fleire produksjonar som bruker nynorsk som scenespråk. I tillegg ønsker teateret å bidra til at publikum og utøvarar skal møte kvarandre.

Teater Vestland flyttar i skrivande stund inn i splitter nytt teaterhus midt i Førde sentrum: Nynorskhuset. Her har teateret to scener: hovudscena og blackboxen. I tillegg turnerer teateret med fleire format i Vestland fylke. Teateret speler på nynorsk og vestnorske dialekter og er landets største nynorske turneteater. Teateret har som visjon «å røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før».

PRAKTISK INFORMASJON

Målgruppe: Prosjekt på nynorsk og mangfald blir prioritert

Dato: 23. – 27. oktober 2023

Ved tildelt Prøverom får du:

• Øvingsrom i Teater Vestland sine nye lokale i Nynorskhuset i Førde i inntil 5 dagar

• Losji i Teater Vestland sine bustader i opptil 5 dagar for inntil 4 personar

• Betalt rettleier i 2 dagar, inklusiv opphald og reise (inntil 2000 kr)

• Rom med grunnleggjande teknikk (minimum scene 2: 15m x 12 m)

• Moglegheit for rettleiing om korleis ein nyttar nynorsk som scenespråk (etter avtale)

• Moglegheit for arbeidsvising siste dag av prøverom med publikum (etter avtale)

Personale: Ved behov stiller kompani/scenekunstnar sjølv med teknikar, om ikkje anna er avtalt.

DELTAKARKRITERIUM

Ope for profesjonelle skodespelarar, det vil seie med godkjend, treårig utdanning på høgskulenivå i utøvande skodespelarkunst, eventuelt tilsvarende profesjonell skodespelarerfaring. Prosjektet kan inkludere profesjonelle kunstnarar med annan fagleg/kunstnarleg bakgrunn. CV-ar må sendast inn på alle deltakarar.

Vilkår:

• Teater Vestland og Norsk Skuespillersenter må nemnast som støttepartnarar i all marknadsføring av prosjektet, og logoane våre må nyttast i dei samanhengane der det er naturleg (nettside, flyer, plakat, program o.l.).

• Deltakarane må skrive ein kort rapport (ei halv A4-side) som vi ev kan gjere tilgjengeleg på våre heimesider og nytte i andre samanhengar. Rapporten må skildre prosessen og kva som er oppnådd, inkludert ei oversikt over alle skodespelarane og andre deltakarar som var med. Legg gjerne ved bilde, lenke til video eller heimeside osb.

View Event →
Den gode samtalen: Kurs i å leie scenesamtalar
Oct
19
1:00 PM13:00

Den gode samtalen: Kurs i å leie scenesamtalar

 

Dato:Torsdag 19. oktober
Tid: kl 13-16
Stad: Oppmøte i Røyst i nynorskhuset

Helga Flatland og Mikkel Bugge er mellom våre mest omtykte forfattarar. Begge er dei også mellom våre mest etterspurte gjester i litterære samtalar, ho oftast som forfattar, han oftast som moderator. I dette kurset vil dei dele både gode og mindre gode erfaringar frå slike samtalar og gi tips til korleis ein kan lykkast i sjangeren.

Kurset vil vere i tre delar. Første del er ein samtale med Mikkel og Helga om deira erfaringar med bokbad, forfattarmøter og kunstnarsamtalar. Dei vil mellom anna snakke om korleis ein førebur seg, kva som er gode spørsmål og korleis ein strukturerer ein tematisk samtale frå introduksjon til avrunding. Deretter opnar dei for spørsmål før dei blir ei pause. Del to er ein workshop der kursleiarane og deltakarane prøver ut dei metodane som har blitt presentert i del ein. Deltakarane testar mellom anna ut introduksjonar, korleis ein kan halde samtalen på rett spor og korleis ein kan avslutte. I tredje og siste bolk vert kurset oppsummert.

Påmelding til Janne.Karin@tekstallianse.org


Kurset er i regi av Rom for ord, i samarbeid med Teksallianse og Teater Vestland

 
View Event →
Litterær lunsj: Helga Flatland i samtale med Mikkel Bugge 
Oct
19
12:00 PM12:00

Litterær lunsj: Helga Flatland i samtale med Mikkel Bugge 

 

I romanen «Etterklang» møter vi Matilde på rømmen frå bylivet og på jakt etter det ekte og autentiske livet på bygda. Der møter ho Johs som har fått tradisjonar tredd nedover seg sidan han var ein neve stor. Begge kjenner seg einsame og begge lengtar etter noko meir og noko anna. Med imponerande presisjon utforskar Helga Flatland korleis det er å leve i skuggen av ein stad og ein tradisjon, korleis banda mellom oss menneske kan vere både styrkande og strypande. Etter inspirasjon frå strenge-stillet i hardingfela, spelar gamle slåttesogar med i klangen i denne forteljinga og gir ei kjensle av at skjebnen framleis har sitt å seie for korleis livet blir, for kvar enkelt av oss. Romanen er ei spenningshistorie med fleire urovekkande tvistar. 

 

Helga Flatland kjem frå Flatdal i Telemark og vert rekna som ein av våre fremste unge, norske forfattarar. Ho når eit stort lesande publikum med måtane ho skildrar menneskelege prosessar som tilknyting og brot, sorg og lengsel, og har gjort det til eit særmerke å veksle mellom å bruke nynorsk og bruke bokmål i karakter-teikningane. I denne litterære lunsj-samtalen vert Helga Flatland intervjua av forfattarkollega Mikkel Bugge. Mikkel Bugge kjem frå Sortland i Vesterålen og er ein svært omtykt og etterspurt moderator for litterære scenesamtalar.

Dato: 19. oktober
Tid: kl. 12.00-13.00
Stad: Foajescena (i Røyst) I Nynorskhuset

Arrangementet er i regi av Rom for ord, i samarbeid med Teater Vestland.

 
View Event →
Teaterskule for born
Oct
10
10:00 PM22:00

Teaterskule for born

JULEFRAMSYNING - ASKEPOTT OG ASKELADDEN

Sunnfjord kulturskule og Teater Vestland ønsker velkommen til teaterframsyning med kulturskuleelevar: ASKELADDEN OG ASKEPOTT

Stad: Teatersalen, Førdehuset
Dato: 12.-15. desember


Teaterelevane til Sunnfjord kulturskule framfører «Askepott & Askeladden» av Erling Pedersen. Eit teaterstykke med eit gamalt tema i ein moderne vri.

Foto: Heidi Hattestein/ Teater Vestland

VÅRFRAMSYNING - TRØBBEL I CAMELOT

Sunnfjord kulturskule og Teater Vestland ønsker velkommen til teaterframsyning med kulturskuleelevar: TRØBBEL I CAMELOT

Stad: Teatersalen, Førdehuset
Dato: 5-9. juni


"Dragen trugar byen Camelot, og folket ser seg nøydd til å flykte. Kong Arthur og riddarane hans har allereie nok å gjere med å hindre dei tre heksene Ella, Bella og Stella i å angripe slottet. Dei er dessutan veldig redde, derfor blir Merlin, som er tenestegut ved slottet, kledd ut som konge og sendt for å møte dragen..." Slik byrjar dette musikalske eventyret, framført av teaterelevene i Sunnfjord kulturskule. 

Foto: Heidi Hattestein/ Teater Vestland

View Event →
Sirkusskule i haustferien
Oct
9
to Oct 13

Sirkusskule i haustferien

Tidsrom: 9.-13. oktober (veke 41)

Stad: Teater Vestland i Nynorskhuset (ved Alti, storehagen 10)

Tidspunkt: Kl. 10-14, måndag til fredag.

Alder: 8 år og oppover

Tal plassar: 15 stk

Pris: 1.000 kr


Velkommen til Sirkusskule i haustferien! Sirkusskulen er eit samarbeid mellom Teater Vestland, Fyllingsdalen Teater og Sunnfjord kulturskule.


Cirkus Balance Bergen arrangerer sirkuskurs for barn og unge frå 8 år og oppover.

Sirkuskompaniet blei starta av døtrene til sirkusdirektør Jan Kjetil Smørdal og har hatt sirkusundervising sidan 2011.

Instruktør for kurset er Tinka Havnen Amundsen. Ho har drive med sirkus sidan ho var barn. Ho er utdanna i sirkus frå København og Montreal og har opptredd og undervist i heile Norge. Du såg henne kanskje i framsyninga Zappzarapp med Fyllingsdalen Teater i Bergen, også vist på Teaterfestivalen i Fjaler?

Det ho liker best med sirkus er at det handlar så mykje om samarbeid, og at ein blandar det fysiske og kunstnarlege.

På sirkusskulen kan elevane forvente å ha det gøy og å lære masse nytt, mellom anna akrobatikk og balanse, både på bakken og i lufta.


Viktig å tenke på:

  • Alle må ha på seg behageleg tøy som ikkje er for laust.

  • Langt hår må vere i strikk

  • Alle må ha med seg drikkeflaske og nistepakke.





Foto: Heidi Hattestein/Teater Vestland








View Event →
NRK SUPER
Sep
30
10:30 AM10:30

NRK SUPER

NRK SUPER SHOW

Opplev NRK Super sitt show der kjende programleiarar dansar, syng og leikar saman med publikum. Showet utfordrar sansane og har eit spesielt fokus på å utforske spennande lydar. Publikum får ta del i konkurransar, quiz, song og dans. Og kven veit, kanskje nokre må lide seg gjennom Daidalos sin nådelause slimstraff?

Fantorangen dukkar sjølvsagt også opp!

Det blir to framsyningar denne dagen: kl 10.30 og kl 13.30


View Event →
KULTURNATT I FØRDE
Jun
9
6:00 PM18:00

KULTURNATT I FØRDE

GRATIS KULTUROPPLEVINGAR INNE OG UTE

Under Kulturnatt i Førde får du oppleve buskspel, badstu og black metall, kunst, kor, korps, film, fløyte og folkemusikk. Nær 300 er i sving på same tid, i Førde, i sommarkvelden og byt på gratis opplevingar. Fleire arrangement går på same tid, og du må velje kva du skal få med deg. Les programmet og velg ut di løype!

TEATER VESTLAND INVITERER TIL PREMIERE PÅ KULTURNATT I FØRDE:
SKOGSOPPLEVINGAR - EI TEATEROPPLEVING PÅ ØYRET

Teater Vestland inviterer til offisiell premire kl 18.00 i parken ved Festplassen, og kan guide deg i gang med lytteopplevinga di.

Du er hermed invitert til ei annleis teateroppleving – ein komposisjon med naturen som scenografi. Teateropplevingar krev som regel at du må kjøpe billett og møte opp på ein bestemt stad til eit gitt klokkeslett. Med Skogsopplevingar tilbyr Teater Vestland ei gratis oppleving du kan laste ned og ta med ut på tur når det passer for deg, og som du kan lytte til igjen og igjen. Det er ei oppleving du har åleine her og no, men det er sjølvsagt ingenting i vegen for å gå saman med vener eller familie - og så kan de snakke om opplevinga etterpå. Opplevinga er skapt for vaksne. 

Du kan laste ned lydopplevinga eller strøyme den direkte, og du speler den av med mobilen din og høyrer på den med høyretelefonar eller øyrepluggar. Du finn Skogsopplevingar der du til vanleg strøymer podkast, eller på heimesida vår teatervestland.no.

NB! Ta med deg mobil og øyreklokker.

View Event →
KONSERT: SYNNE VO
May
25
to Sep 30

KONSERT: SYNNE VO

Lykke te, heime og ei venleg helsing.
Du har garantert hatt låtane hennar på hjernen! Ho er framleis innlogga på viaplay-kontoen til eksen, heiter Synne Vo og kjem til Førde!
22-åringen har vore lista på NRK P1 og P3, og blitt nominert til Årets nykommar (2021) og Årets artist (2022) på P3 Gull. Ho har tatt tatt det norske folk med storm, og er klar for fleire av dei største festivalane i løpet av sommaren. Men det blir berre oppvarminga! For i haust skal artisten servere deg ein eksklusiv konsert under opningsdagane i Nynorskhuset. Det blir både konsert for vaksne og ein eigen konsert for dei under 18 år.

View Event →
LINDA EIDES SPRÅKSJOV
May
23
to Sep 29

LINDA EIDES SPRÅKSJOV

LINDA EIDES SPRÅKSJOV

Med stor suksess har Linda Eide hylla og tulla med språk i beste sendetid på NRK. No er ho klar for å gi publikum i Nynorskhuset i Førde ein spesialversjon av Eides Språksjov. Ho har sjølvsagt med seg både Sjur Hjeltnes på tangentane, språkprofessor Gunnstein Akselberg og Halvor Folgerø med fagotten sin. Her blir det fare for både humor, gjester og musikalske innslag i den splitter nye teatersalen.

View Event →
NASJONAL SPRÅKKONFERANSE
May
23
to Sep 29

NASJONAL SPRÅKKONFERANSE

Konferansierane Arianrhod Engebø og Harald Thingnes.

NYNORSK I RAMPELYSET

Korleis er det å vere nynorskbrukar og drive med formidling og stå i rampelyset i 2023?

Det er det store spørsmålet på språkkonferansen "Nynorsk i rampelyset". Profilerte nynorskbrukarar frå norsk media, litteratur og kulturbransje kjem for å fortelje om opplevingane sine, og vi får presentert resultata frå ei rykande fersk undersøking som tar temperaturen på statusen for nynorsken.

Konferansierar er Arianrhod Engebø og Harald Thingnes, og arrangørar er Teater Vestland, Nynorsk Avissenter og NRK Nynorsk mediesenter.

View Event →
Feb
20
to Feb 25

Musikalkurs i vinterferien

 

Dato: 20. - 24. Februar
Tidspunkt: kl 10.00-14.00
Avsluttande gjennomgang: Fredag 24.02 kl 14.00-14.30
Alder: frå 6. klasse
Tal deltakarar: 20
Påmeldingsfrist: 16.02.2023
Pris: 1.000 kr per pers


Mariell Christensen er instruktør på teaterskulen i vinterferien, og temaet er MUSIKAL

Over 5 dagar lærer elevane ein del om sjangeren musikal og kva den inneber. I musikal kombinerer ein dei tre sceneuttrykka song, dans og skodespel. Elevane jobbar med eit par nummer frå ulike musikalar og fokuset på kurset er sjølve læringsprosessen. Målet er utvikling hos elevane gjennom arbeid med fellesnummer og replikkvekslingar. Samarbeid er eit nøkkelord i teaterbransjen, og vi har det kjekt saman med artige øvingar og leik.

Siste dagen av teaterskulen blir det ei opa arbeidsvisning for familie og vener kl 14.30-15.00.


Praktisk: Elevane tar med eigen matpakke og drikkeflaske på undervisingsdagane, og dei bør ha klede som er gode å bevege seg i. Dei treng ingen forkunnskapar. Vinterteaterskulen er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Sunnfjord kulturskule.


Om Mariell Christensen:

Mariell Christensen er utdanna musikalartist og kommersiell scenekunstnar ved Bårdar Akademiet i Oslo. Ho underviser både vaksne og barn i både teater og musikal på Teaterskolen i Fyllingsdalen. Nyleg tok ho del i produksjonen “En Julefortelling” ved Fyllingsdalen Teater som skodespelar, vokalinstruktør og koreografiassistent. Mariell har vore aktiv i teater- og musikalmiljøet i Bergen i mange år, sidan ho som 11-åring stod på scena for første gong i musikalen Annie på Forum Scene, og ho har sidan vore med i ei rekke ulike oppsetjingar. Ho jobbar dessutan som skodespelar i Dyreparken i Kristiansand på sommaren.

View Event →
Jan
25
to Apr 13

BRANSJETREFF I SUNNFJORD

 

Årets regionale bransjetreff finn stad 12.-13. april, med ein online forsmak 29. mars.

Då vi i fjor arrangerte teaterets første regionale bransjetreff, spurde vi deltakarane kva som står øvst på ønskelistene deira. “Kompetanseheving”, “co-produksjon” og “samarbeid med det frie feltet” gjekk att blant svara. Årets program svarer på ønska frå feltet.

Branjsetreffet tjuvstartar digitalt med marknadsføringskurs og held fram med kurs i pitching, smalltalk og nettverksbygging, med høve til å pitche idear for tre teatersjefar i regionen: Solrun Toft Iversen (påtroppande teatersjef på DNS), Thomas Bye (påtroppande teatersjef på Det Vestnorske Teateret) og Cecilie Grydeland Lundsholt her på teateret.

Kven kan melde seg på?   

Alle som jobbar med teater og dans, både utøvande og skapande: regissørar, koreografar, skodespelarar, dansarar, scenografar, kostymedesignarar, lysdesignarar, dramatikarar, produsentar og andre. Bransjetreffet er også for komponistar, musikarar og forfattarar som komponerer og skriv for scene. 

I 2020 vart Sogn og Fjordane og Hordaland slått saman til Vestland, og Teater Vestland har som fylkets største turnerande regionteater mål om å vere brubyggar i den nye regionen.

PROGRAM BRANSJETREFF

12. april kl 11.00-23.00
Bransjetreff dag 1: Pitchekurs “Opp og ut på 3 dagar” og nettverking

13. april kl 10.00-16.30
Bransjetreff dag 2: Pitching for teatersjefar

Stad: Førdehuset
Målgruppe bransjetreff i Sunnfjord: Frilansarar i Vestland fylke
Pris: Kurset er gratis og inkluderer lunsj, middag og 1 overnatting*

*Overnatting inkl. til dei 30 første påmelde

Påmeldingsfrist 1. mars (for både digitalt kurs og bransjetreff i Sunnfjord)

Spørsmål? Send e-post til bransje@teatervestland.no

Dagsprogram 12. april

11.00 – 12.00 Registrering, lunsj og nettverking
12.00 – 13.30 Øving i nettverking
14.00 – 15.45 Pitchekurs – øving og tilbakemelding runde 1
15.45 – 16.15 Pause
16.15 – 19.00 Pitchekurs – øving og tilbakemelding runde 2
19.00 – 23.00 Middag og sosial samling

Dagsprogram 13. april

10.00-11.00 Panelsamtale med Solrun Toft Iversen (påtroppande teatersjef på DNS), Thomas Bye (påtroppande teatersjef på Det Vestnorske Teateret) og Cecilie Grydeland Lundsholt (teatersjef Teater Vestland)

11.00-13.00 Førebuing for dei som skal pitche til teatersjefane (12 stk)
11.00-13.00 Omvising i Nynorskhuset for dei som ikkje skal pitche
13.00-13.30 Lunsj
13.30-15.00 Pitching for teatersjefar, runde 1
15.00-15.15 Pause
15.15-16.00 Pitching for teatersjefar, runde 2
16.00-16.30 Avslutning


 

Opp og ut på 3 dagar

Du har produksjonen på plass, men har du det som skal til for å gi den eit vidare liv? Assitej Norge jobbar med scenekunst for det unge publikummet som del av verdas største scenekunstnettverk – Assitej International. Assitej pitchar, blir pitcha til, programmerer og promoterer norsk og internasjonal scenekunst - i heile verda. No ønsker Assitej i samarbeid med Tater Vestland å gi deg eit krasjkurs i marknadsføring og pitching av scenekunstproduksjonen din.

Kurset består av to delar: Første del er digital og andre del IRL på Teater Vestland i Førde.

I den første, digitale delen 29. mars går vi gjennom alt som trengst for å få selt inn produksjonen – det vil seie strategisk arbeid, branding, SoMe og innhaldsproduksjon for auka synlegheit, kartlegging av ulike marknadar og interessentar, marknadsførings- og presentasjonsmateriell, sørge for at du er turné- og festivalklar, samt forskjellar mellom nasjonale og internasjonale marknadar.

Den andre delen av kurset er IRL og består av networking skills og pitching. Nettverking er eit godt verktøy for å knyte kontaktar og skape moglegheiter for deg sjølv og andre. Men det er jo ofte litt skummelt, eller skal vi heller seie litt kleint? Vi viser deg nokre enkle tips og triks for at nettverking skal bli superlett, gøy og ukleint - og ikkje minst leie til fleire spennande samarbeid.

Vi går gjennom generelle tips for pitching av prosjekt, vi ser spesifikt på prosjektet ditt og gir tilbakemeldingar og rettleiing for å skreddarsy presentasjonen din. Pitching-delen vert avslutta med høve til å pitche moglege samarbeid til tre teatersjefar frå DNS, Det Vestnorske Teateret og Teater Vestland.


Om kurshaldarane

Ingvild Lien har sidan 2020 vore dagleg leiar i Assitej Norge, og ho er utdanna skodespelar frå ALRA i London. Ho er også regissør og bevegelseskoreograf med lang erfaring med å skape eigne produksjonar i teaterkompaniet sitt Memento. Ho har halde fleire kurs for både kunstnarar og næringslivet og har brei erfaring med marknadsføring av scenekunst både nasjonalt og internasjonalt.

Theis Irgens er prosjektleiar- og festivalprodusent i Assitej Norge. Han har ein master i kunstfag frå Universitetet i Agder og ein Bachelor i drama og teaterkommunikasjon frå Oslo MET. Sidan 2008 har Theis laga ei rekke teaterframsyningar for eit ungt publikum med musikk- og figurteaterkompaniet Finken & B. Han kombinerer jobben som prosjektleiar i Assitej Norge med oppdrag som regissør, produsent og figurmakar for eigne produksjonar og andre aktørar.

Som del av Assitej-nettverket har både Theis og Ingvild eit breitt nettverk innan scenekunst, både nasjonalt og internasjonalt.

View Event →
Oct
10
to Oct 12

SCENEKAMPKURS I HAUSTFERIEN!

Dato: 10.-12. oktober
Tidspunkt: 9.00-13.00
Alder: 5.-10. klasse
Tal deltakarar: 20
Påmeldingsfrist: 5. oktober
Kurshaldar: Jeff Pedersen
Pris: 600 kr
Oppmøte: Teater Vestland, Førdehuset

Jeff Pedersen er instruktør på haustteaterskulen, og tema er SCENEKAMP. Elevane bruker 3 dagar til å lære seg scenekampteknikk – med og utan stavar - med fokus på spenning, tryggleik og dramaturgi. Til slutt skal alle koreografere sine eigne kampscener. Elevane lærer at fundamentet for ei god kampscene er bygd på samarbeid og lytting. Dei lærer kule teknikkar som vil imponere publikum.

Praktisk: Elevane tar med eigen matpakke og drikkeflaske på undervisingsdagane, og dei bør ha klede som er gode å bevege seg i. Dei treng ingen forkunnskapar.

 

Om Jeff Pedersen:

Jeff er ein svært erfaren scenekamp-instruktør. Han har nyleg regissert scenekampen i Heddapris-nominerte Romeo og Julie på Det Norske Teateret, Don Giovanni på Bergen Nasjonale Opera, Søner av Sola (il Puritani) på Opera Nordfjord og 100 Songar på Teater Vestland. Han har tidlegare regissert scenekamp for The Philadelphia Story ved Old Vic Theatre og Company for Southwark Playhouse.

Pedersen har også koreografert scenekampane i Gaularspelet, Losnaspelet, Håkonarspelet, Dragseidspelet, Herøyspelet og andre historiske drama. Han har instruert scenekamp i Hamlet i Budapest og Twelfth Night ved LaMama Theatre i New York. Han har også laga scenekamp for Sony Playstation-spela Killzone 2 (Game of the Year 2008), Pirates of the Caribbean 2 og Getaway 3. Jeff har over tjue års erfaring med scenekamp og er kvalifisert som lærar i kickboksing, fekting og scenekamp.

Haustteaterskulen er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Sunnfjord kulturskule. For spøsmål ta kontakt med Teater Vestland på post@teatervestland.no.

View Event →