Back to All Events

Musikalkurs i vinterferien


 

Dato: 20. - 24. Februar
Tidspunkt: kl 10.00-14.00
Avsluttande gjennomgang: Fredag 24.02 kl 14.00-14.30
Alder: frå 6. klasse
Tal deltakarar: 20
Påmeldingsfrist: 16.02.2023
Pris: 1.000 kr per pers


Mariell Christensen er instruktør på teaterskulen i vinterferien, og temaet er MUSIKAL

Over 5 dagar lærer elevane ein del om sjangeren musikal og kva den inneber. I musikal kombinerer ein dei tre sceneuttrykka song, dans og skodespel. Elevane jobbar med eit par nummer frå ulike musikalar og fokuset på kurset er sjølve læringsprosessen. Målet er utvikling hos elevane gjennom arbeid med fellesnummer og replikkvekslingar. Samarbeid er eit nøkkelord i teaterbransjen, og vi har det kjekt saman med artige øvingar og leik.

Siste dagen av teaterskulen blir det ei opa arbeidsvisning for familie og vener kl 14.30-15.00.


Praktisk: Elevane tar med eigen matpakke og drikkeflaske på undervisingsdagane, og dei bør ha klede som er gode å bevege seg i. Dei treng ingen forkunnskapar. Vinterteaterskulen er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Sunnfjord kulturskule.


Om Mariell Christensen:

Mariell Christensen er utdanna musikalartist og kommersiell scenekunstnar ved Bårdar Akademiet i Oslo. Ho underviser både vaksne og barn i både teater og musikal på Teaterskolen i Fyllingsdalen. Nyleg tok ho del i produksjonen “En Julefortelling” ved Fyllingsdalen Teater som skodespelar, vokalinstruktør og koreografiassistent. Mariell har vore aktiv i teater- og musikalmiljøet i Bergen i mange år, sidan ho som 11-åring stod på scena for første gong i musikalen Annie på Forum Scene, og ho har sidan vore med i ei rekke ulike oppsetjingar. Ho jobbar dessutan som skodespelar i Dyreparken i Kristiansand på sommaren.

Earlier Event: January 25
BRANSJETREFF I SUNNFJORD
Later Event: May 23
NASJONAL SPRÅKKONFERANSE