Back to All Events

KULTURNATT I FØRDE

GRATIS KULTUROPPLEVINGAR INNE OG UTE

Under Kulturnatt i Førde får du oppleve buskspel, badstu og black metall, kunst, kor, korps, film, fløyte og folkemusikk. Nær 300 er i sving på same tid, i Førde, i sommarkvelden og byt på gratis opplevingar. Fleire arrangement går på same tid, og du må velje kva du skal få med deg. Les programmet og velg ut di løype!

TEATER VESTLAND INVITERER TIL PREMIERE PÅ KULTURNATT I FØRDE:
SKOGSOPPLEVINGAR - EI TEATEROPPLEVING PÅ ØYRET

Teater Vestland inviterer til offisiell premire kl 18.00 i parken ved Festplassen, og kan guide deg i gang med lytteopplevinga di.

Du er hermed invitert til ei annleis teateroppleving – ein komposisjon med naturen som scenografi. Teateropplevingar krev som regel at du må kjøpe billett og møte opp på ein bestemt stad til eit gitt klokkeslett. Med Skogsopplevingar tilbyr Teater Vestland ei gratis oppleving du kan laste ned og ta med ut på tur når det passer for deg, og som du kan lytte til igjen og igjen. Det er ei oppleving du har åleine her og no, men det er sjølvsagt ingenting i vegen for å gå saman med vener eller familie - og så kan de snakke om opplevinga etterpå. Opplevinga er skapt for vaksne. 

Du kan laste ned lydopplevinga eller strøyme den direkte, og du speler den av med mobilen din og høyrer på den med høyretelefonar eller øyrepluggar. Du finn Skogsopplevingar der du til vanleg strøymer podkast, eller på heimesida vår teatervestland.no.

NB! Ta med deg mobil og øyreklokker.

Earlier Event: May 25
KONSERT: SYNNE VO
Later Event: September 30
NRK SUPER