Back to All Events

LIVEPOD FRÅ NYNORSKHUSET

  • Teater Vestland Storehagen 10 Førde Norway (map)

Sett av kvelden! Fredag 8. mars inviterer Firda til livepodkast med Den dama, i samarbeid med Sunnfjord U40 og Teater Vestland.

I høve kvinnedagen inviterer vi til spesialpod med noko attåt. Den nye podkasten til Firda flyttar studio til scene 2 i Nynorskhuset for kvelden – og du er invitert til å bli med.

Her blir det garantert god stemning når Røyst riggar opp bar i black boxen. På scena blir det gode samtalar med spennande damer og etter poden kan du henge att for å slå av ein prat eller ti med kjente og ukjente.

Den dama live: Gjennom to seansar får du høyre programleiarane Cecilie Brendehaug Rysjedal og Synne Muren Olsen i samtale med fire damer.

  • Amerikanaren Siri Kristina Iversen valde å flytte til Norge med sin norske mann for mange år sidan. No er ho mor til tre, driv cateringfirmaet Siri’s Soulfood og jobbar i barnehage.

  • Margunn Indrebø Alshaikh er avdelingsdirektør i Norec, og har jobba for FN i utlandet i 15 år. I dag bur ho i Angedalen med mann og barn.

Begge har fått merke forskjellane mellom Norge og utlandet – på kvar sin måte. Med eit kvinneperspektiv: Kva kan vi lære av andre land? Og kva er vi skikkeleg gode på i Norge?


Du møter også mor og dotter, Gunn Merete Paulsen og Ingeborg Paulsen Hamre. Gunn Merete er utdanna advokat, er partner i PwC og gruppeleiar i Sunnfjord Venstre.

  • Ingeborg går siste året på vidaregåande og er russepresident for studiespesialiserande linje.

Dei kjem til oss for å diskutere kva som blir viktig framover. Når er vi likestilte nok? Kva meiner politikaren er framtidas problemstillingar og løysingar? Og kva tenker den neste generasjonen?

Frå to perspektiv skal vi utforske kva det vil seie å vere kvinne i Sunnfjord i dag og i framtida. Med andre ord blir det spennande kvinner i monitor frå Førdes nye storstove.

Kor? Scene 2 i Nynorskhuset.
Kor tid? Dørene opnar klokka 20, så kom gjerne då – så rekk du å slå av ein prat og fylle glaset før podstart klokka 20.30.

Svolten? Etter podkasten serverer Røyst spicy toast med fries til dei som bestiller på førehand. Legg det til i billetten din.

Etter podkastshowet blir det open bar i Scene 2 og i Røyst.


Arrangementet er ope for alle og kostar 50 kroner. For å sikre deg plass må du bestille billett.

Varm opp med teater! Det er ikkje det einaste som skjer på Nynorskhuset denne kvelden. Vil du gjere det til ein all nighter så markerer Teater Vestland kvinnedagen med forestillinga «Den heilage kua – om å føde ein nordmann». Her får du ei humoristisk og poetisk framsyning om morskap og fødselsomsorg, om felleskap og likestilling, om språk, identitet, feminisme og integrering. Forestillinga startar kl 19, og er ferdig 20 – så du rekk begge deler.

Later Event: April 5
PRØVEROM