Back to All Events

Den gode samtalen: Kurs i å leie scenesamtalar

 

Dato:Torsdag 19. oktober
Tid: kl 13-16
Stad: Oppmøte i Røyst i nynorskhuset

Helga Flatland og Mikkel Bugge er mellom våre mest omtykte forfattarar. Begge er dei også mellom våre mest etterspurte gjester i litterære samtalar, ho oftast som forfattar, han oftast som moderator. I dette kurset vil dei dele både gode og mindre gode erfaringar frå slike samtalar og gi tips til korleis ein kan lykkast i sjangeren.

Kurset vil vere i tre delar. Første del er ein samtale med Mikkel og Helga om deira erfaringar med bokbad, forfattarmøter og kunstnarsamtalar. Dei vil mellom anna snakke om korleis ein førebur seg, kva som er gode spørsmål og korleis ein strukturerer ein tematisk samtale frå introduksjon til avrunding. Deretter opnar dei for spørsmål før dei blir ei pause. Del to er ein workshop der kursleiarane og deltakarane prøver ut dei metodane som har blitt presentert i del ein. Deltakarane testar mellom anna ut introduksjonar, korleis ein kan halde samtalen på rett spor og korleis ein kan avslutte. I tredje og siste bolk vert kurset oppsummert.

Påmelding til Janne.Karin@tekstallianse.org


Kurset er i regi av Rom for ord, i samarbeid med Teksallianse og Teater Vestland

 
Later Event: October 23
PRØVEROM