Back to All Events

AMATØRTEATER Våren 2024


amatørteater for vaksne!

Komedie, tragedie eller øve på teknikk? Improvisasjon, klovning eller fysisk teater? Berre jobbe på golvet eller også setje opp ei framsyning for publikum?

Dei som melder seg på får stort rom til å vere med og forme tilbodet. Instruktør er Wilhelm Støylen. Han er utdanna skodespelar og programskapar for NRK, og han leia ei liknande gruppe då han budde i Oslo.

— Det viktigaste for meg er å skape eit trygt rom, der folk torer å opne seg opp. Ei mobilfri sone for vaksne. Så kjem vi i fellesskap fram til korleis vi vil bruke tida.

Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt har gleda seg lenge til å gå i gang med amatørteater for vaksne.

— Ei stund no har vi hatt teaterskule i feriane og eit heilårig tilbod for elevar i samarbeid med Sunnfjord kulturskule. Eg har ikkje talet på kor mange av foreldra som har sagt at dei skulle ønske det fanst eit tilbod for vaksne også. No får dei det! Dette er ein gøyal fritidsaktivitet for dei som går rundt med ein skodespelar i magen, eller berre vil bli tryggare på seg sjølve, seier ho og held fram:

— I det nye teaterhuset i Nynorskhuset har vi to fantastiske salar. Sjenerøse gåver har gjort oss i stand til å investere i utstyr, slik at vi kan få til denne typen fleirbruk og eit endå meir levande hus for nynorsken midt i Førde sentrum.

Amatørteater-øvingane er kvar måndag på Teater Vestland i Nynorskhuset.
Pris: 875 kr per semester

Påmeldinga er stengt pga at det ikkje er fleire ledige plassar på gruppene. Det er høve til å setje seg på venteliste, og så tek vi kontakt om det skulle bli nokre ledige plassar gjennom semesteret.

Earlier Event: December 10
Fest for Fosse
Later Event: February 10
Olav Stedje - I levande live