Back to All Events

Albumslepp & konsert med Selvik

  • Teater Vestland i Nynorshuset Storehagen 10 6800 Førde (map)


Sunnfjordingen Øyvind Selvik skriv og spelar «alternativ viserock på nynorsk» under namnet Selvik. Han har tidlegare gjeve ut albuma «Amerika» (2019) og «Kapittel 2» (2021), og no er han straks klar med sitt tredje album. Tittelen på det nye albumet er «Lang historie» og dette skal markerast skikkeleg med sleppfest i Nynorskhuset laurdag 4.mai.

Det musikalske utrykket i dette prosjektet har røter frå den alternative rocken på 80-og 90-talet, og vekslar mellom mollstemte stemningar og brautande fuzzgitarar. Dei nynorske tekstane kan vere både treffande og undrande, og det heile har fått eit fengande og melodiøst preg med fine vokalharmoniar.

Med seg i dette prosjektet har han samla nokre dyktige lokale musikarar.
Livebesetninga i 2024 er:
Øyvind Selvik - Vokal og gitar
Mathilde Ravndal Gjelsvik – Vokal og gitar
Richard Herland - Slagverk og perkusjon
Harald Løkeland – Bass

Link til musikken på Spotify: https://lnk.to/KV1LOI8s


Nynorskhuset i Førde er ein perfekt stad å markere ei slik utgjeving, og vi håpar at mange tek turen for å oppleve ny og nynorskspråkeleg musikk som er produsert her i området. Restauranten Røyst mat & vin i Nynorskhuset er ope heile kvelden. Sjølve konserten føregår på Scene 2, rett ved sida av restauranten. Konsertstart er kl 20:30.

Sal av billettar føregår på Tikkio.no:
Vaksne kr 200,- Studentar kr 125,-

Vel møtt!

Arrangør: Selvik Musikk
Kontakt: o-selvik@online.no

Earlier Event: April 24
KURS - Å SPELE PÅ NYNORSK - DEL 2