Back to All Events

PRØVEROM

I samarbeid med Norsk Skuespillersenter tilbyr vi prøverom i Førde, med fokus på nynorsk som scenespråk.

OM PRØVEROM

Prøverom er ei kunstnarleg utforsking av ein idé. Det er eit forprosjekt, der ein idé/eit konsept blir prøvd ut og forska i. Prøverom er ikkje del av ein prøveperiode. Gruppa får tilbod om honorar til ein rettleiar som skal gi nye perspektiv på utforskingsstadiet. Denne rettleiaren kan ikkje vere ein person som allereie er knytt til kompaniet/prosjektet.

PRAKTISK INFORMASJON

Målgruppe: Prosjekt på nynorsk og med mangfaldsfokus blir prioritert

Dato: 20.–24. mai 2024

Søknadsfrist: 19. mars


Ved tildelt Prøverom får du:

Øvingsrom i Teater Vestland sine nye lokale i Nynorskhuset i Førde i inntil 5 dagar

Losji i Teater Vestland sine bustader i opptil 5 dagar for inntil 4 personar

Betalt rettleier i 2 dagar, inklusiv opphald og reise (inntil NOK 8000,- totalt)

Rom med grunnleggjande teknikk (minimum scene 2: 15m x 12 m)

Moglegheit for rettleiing om korleis ein nyttar nynorsk som scenespråk (etter avtale)

Moglegheit for arbeidsvising siste dag av prøverom med publikum (etter avtale)

Personale: Ved behov stiller kompani/scenekunstnar sjølv med teknikar, om ikkje anna er avtalt.


DELTAKARKRITERIUM

Ope for profesjonelle skodespelarar, det vil seie med godkjend, treårig utdanning på høgskulenivå i utøvande skodespelarkunst, eventuelt tilsvarende profesjonell skodespelarerfaring. Prosjektet kan inkludere profesjonelle kunstnarar med annan fagleg/kunstnarleg bakgrunn. CV-ar må sendast inn på alle deltakarar.


VILKÅR

Teater Vestland og Norsk Skuespillersenter må nemnast som støttepartnarar i all marknadsføring av prosjektet, og logoane våre må nyttast i dei samanhengane der det er naturleg (nettside, flyer, plakat, program o.l.).

Deltakarane må skrive ein kort rapport (ei halv A4-side) som vi kan gjere tilgjengeleg på våre heimesider og nytte i andre samanhengar. Rapporten må skildre prosessen og kva som er oppnådd, inkludert ei oversikt over alle skodespelarane og andre deltakarar som var med. Legg gjerne ved bilde, lenke til video eller heimeside osv.

OM TEATER VESTLAND

Som regionteater ønsker Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane Teater) endå tettare samarbeid og utveksliing med scenekunstnarar og teaterkompani i det frie feltet. Teateret ønsker å gi frie grupper moglegheit til utforsking og utprøving av idear og konsept og til å stimulere til fleire produksjonar som bruker nynorsk som scenespråk. I tillegg ønsker teateret å bidra til at publikum og utøvarar skal møte kvarandre.

Teater Vestland har flytta inn i splitter nytt teaterhus midt i Førde sentrum: Nynorskhuset. Her har teateret to scener: hovudscena og blackboxen. I tillegg turnerer teateret med fleire format i Vestland fylke. Teateret speler på nynorsk og vestnorske dialekter og er landets største nynorske turneteater. Teateret har som visjon «å røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før».

Earlier Event: March 9
LIVEPOD FRÅ NYNORSKHUSET
Later Event: April 24
KURS - Å SPELE PÅ NYNORSK - DEL 2