Back to All Events

Ord som kunst: Eit forfattarmøte med Brynjulf Jung Tjønn

  • Teater Vestland i Nynorskhuset 10 Storehagen Førde, Vestland, 6800 Norway (map)
 

Dato: 27. februar klokka 11.30-12.30
Stad: Røyst mat & vin, Nynorskhuset
Pris: Gratis

Vel møtt til avduking av tingingsverket «Barnet i skogen» av Brynjulf Jung Tjønn, eit dikt som slyngjer seg oppover trappetrinna i foajeen i Nynorskhuset i 24 trinn og 24 linjer!

Brynjulf Jung Tjønn er ein kritikarrost og allsidig forfattar som skriv både for barn, ungdom og vaksne. Han skriv ofte om møte med dyr, gjerne i ein skog, og om det einsame barnet som ikkje finn sin eigen plass og søker trøyst eller omsorg. Dessutan liker han det uavklarte, mystiske og magiske.

To av romanane hans er dramatiserte her ved teateret: «Så vakker du er» i 2016 og «Alt det lyse og alt det mørke» i 2019. Boka «Kvar dag skal vi vere så modige» frå 2021 fekk P2-lyttaranes gjeve romanpris, og fjorårets diktsamling «Kvit, norsk mann» har gått inn i det offentlege ordskiftet om adopsjon.

Han bruker seg sjølv og eigne erfaringar i store delar av forfattarskapen, så også i trappeverket i Nynorskhuset. I samtale med biblioteksjef Jorun Systad vil han komme innom naturen han vaks opp med på ein gard i Sogn, og korleis det har tatt han lang tid å bli trygg på det vestlandske landskapet og det nynorske språket.

I Nynorskhuset skal det vere trygt å komme inn. Verket vil bli lese høgt og høgtideleg avduka.

 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Sunnfjord bibliotek. Det er gratis inngang og høve til å kjøpe lunsj i restauranten.

Verket er laga på bestilling frå samarbeidspartane i Nynorskhuset: Teater Vestland, NRK Vestland og Firda.

 
Earlier Event: February 23
Klovneskule i vinterferien
Later Event: March 9
LIVEPOD FRÅ NYNORSKHUSET