Teaterven

Er du glad i teater og vil sjå fleire framsyningar for mindre pengar? Det er ein type teatermagi det faktisk er heilt mogleg å få til! 

Gjennom fordelsordninga Teaterven kan både enkeltpersonar og lag/bedrifter få ei rekke fordelar: 

  • Rabatterte billettar på alle framsyningar produserte av Teater Vestland

  • Kjøp av inntil 2 rabatterte billettar per person på kvar framsyning

  • Tidleg informasjon om framsyningar og arrangement i regi av Teater Vestland

  • Tilbod om prøveframsyningar ved høve

Vilkår for enkeltpersonar: 

Ha ei e-postadresse der ein kan få informasjon om framsyningane til Teater Vestland.

Vilkår for bedrifter/organisasjonar: 

Det må vere ein kontaktperson i bedrifta som kan distribuere informasjon/tilbod frå Teater Vestland til tilsette/medlemmar.

Kontaktpersonen ordnar gruppebestillingar for medlemmane.