Back to All Events

Fest for Fosse

Søndag 10. desember får Jon Fosse verdas gjevaste litteraturpris for å gje stemme til det useielege. Kva betyr det?

Grunngjevinga frå juryen i Nobelkomiteen minner litt om korleis ei av våre fremste formidlarar av Fosse sine tekstar forklarer det eineståande ved litteraturen hans. – Jon Fosse er ein unik diktar som gjev oss språk for det språklause, seier skodespelar Hildegunn Riise.

Denne søndagen kjem ho til Nynorskhuset for å feire tildelinga saman med oss. I poesikonserten «Blått svev» vil ho lese dikt av Jon Fosse i den nye teatersalen med tonefylgje frå musikar og komponist Benedicte Maurseth. Når Hildegunn Riise les , er det som om vi straks forstår kva det vil seie å gje stemme til det useielege:

-Det har vore vanskeleg å skulle gjere eit utval blant alle sterke dikta i denne særeigne og sterke forfattarskapen. Eg har valt dikt som lenge har vore som skattar for meg, men også tekstar som har festa seg i meg gjennom dette arbeidet; dikt som er fylte med kjærleik og lys, einsemd, død og trøyst. Med andre ord dikt som set ord på noko djupt universelt og menneskeleg, forklarar den folkekjære og omtykte skodespelaren.

– Eg prøver å skrive så enkelt som eg berre kan få det til, utdjupar Fosse sjølv i eitt av sine essay. Æra for prisen deler han med språket: - Endeleg har nynorsken fått sin nobelpris! Eg er veldig glad i språket mitt. Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det, har prisvinnaren tidlegare understreka.

Rom for ord, Teater Vestland, NRK og Røyst mat og vin går i firspann saman med Sunnfjord kommune for å feire både Fosse, språket og litteraturen på det nye Nynorskhuset i Førde denne historiske dagen då nynorsken får sin første Nobelpris.

Prisvinnaren sjølv har gjort det klart at han ikkje kjem til å delta på fleire tilstellingar som har med prisen å gjere. Jon Fosse held seg borte frå rampelyset, men ein stad trivst han.

- Kaffistova har alltid vore min kafé i Oslo. Eg har gjeve mange intervju der, og der har eg trefst med vener og kjenningar i alle dei år. No etter at eg osloborgar er vorten, ja så er eg i periodar innom Kaffistova kvar einaste dag. Til hans andre heimland Austerrike finst det også spor å fylgje, når kokk Christel Eide finn inspirasjon til smaksmenyen for søndagens ettermiddags-te i Røyst på Fosse-festen. I høge glas ventar ein smak av Hardanger, som venteleg er når vi feirar ein litteraturprisvinnar frå Strandebarm.

Vertskap for festen er journalist og initiativtakar Stian Sjursen Takle og kunstnarleg leiar i Rom for ord, Janne Karin Støylen. Etter konserten viser NRK pristildelinga frå Stockholm direkte på storskjerm.

Stad: Nynorskhuset
Tidspunkt:
15:00 Ettermiddags-te (Røyst mat & vin)
16:00 Strøyming av utdeling av Nobel litteraturpis (Teatersalen)
17:10 Poesikonsert (Teatersalen) ca 50 min.

Det vert høve til å kjøpe billett til heile arrangementet eller kun til poesikonsert og strøyming.

Earlier Event: December 8
Jon Fosse ord for ord
Later Event: January 1
AMATØRTEATER Våren 2024