Back to All Events

Litterær lunsj: Helga Flatland i samtale med Mikkel Bugge 

 

I romanen «Etterklang» møter vi Matilde på rømmen frå bylivet og på jakt etter det ekte og autentiske livet på bygda. Der møter ho Johs som har fått tradisjonar tredd nedover seg sidan han var ein neve stor. Begge kjenner seg einsame og begge lengtar etter noko meir og noko anna. Med imponerande presisjon utforskar Helga Flatland korleis det er å leve i skuggen av ein stad og ein tradisjon, korleis banda mellom oss menneske kan vere både styrkande og strypande. Etter inspirasjon frå strenge-stillet i hardingfela, spelar gamle slåttesogar med i klangen i denne forteljinga og gir ei kjensle av at skjebnen framleis har sitt å seie for korleis livet blir, for kvar enkelt av oss. Romanen er ei spenningshistorie med fleire urovekkande tvistar. 

 

Helga Flatland kjem frå Flatdal i Telemark og vert rekna som ein av våre fremste unge, norske forfattarar. Ho når eit stort lesande publikum med måtane ho skildrar menneskelege prosessar som tilknyting og brot, sorg og lengsel, og har gjort det til eit særmerke å veksle mellom å bruke nynorsk og bruke bokmål i karakter-teikningane. I denne litterære lunsj-samtalen vert Helga Flatland intervjua av forfattarkollega Mikkel Bugge. Mikkel Bugge kjem frå Sortland i Vesterålen og er ein svært omtykt og etterspurt moderator for litterære scenesamtalar.

Dato: 19. oktober
Tid: kl. 12.00-13.00
Stad: Foajescena (i Røyst) I Nynorskhuset

Arrangementet er i regi av Rom for ord, i samarbeid med Teater Vestland.

 
Earlier Event: October 10
Teaterskule for born