Back to All Events

KURS - Å SPELE PÅ NYNORSK


Å spele på Nynorsk
Ekte og levande

Har du kjent deg usikker på scena? At du ikkje er levande nok, ikkje får «tak» på teksten eller ikkje får tatt ut potensialet ditt som skodespelar – at det rett og slett er noko som ikkje fell på plass?

Dette er typiske utfordringar som mange skodespelarar seier at dei møter når dei skal bruke eit scenespråk som er annleis enn det språket, dialekta eller språkstilen dei brukar til vanleg.

I kurset arbeider vi oss gjennom «metoden for dialektomlegging», ein arbeidsmetode som er særs nyttig i møte med eit nytt eller uvant scenespråk. Kurset rettar seg mot skodespelarar og fokuserer på nynorsk, men vil vere nyttig og aktuelt uansett kva scenespråk ein nyttar, eller kva språk- og dialektbakgrunn ein har. Kurset er også relevant for andre som direkte eller indirekte jobbar med formidling av språk, for eksempel regissørar.

Som deltakar får du eit verktøy for systematisk dialektomlegging i arbeidet ditt. Det vil gjere deg sterkare i møte med tekst og scenespråk, slik at du raskare finn kjerna i karakteren, blir trygg på scena og er open for samspel med andre.

Undervisinga er lagt opp med foredrag og praktiske øvingar, og deltakarane vil få meir informasjon etter kvart som kurset nærmar seg.

Tidspunkt:

31. oktober: kl. 12 – 19 (startar med lunsj)

1. og 2. november: kl. 10-16 begge dagar

Søknadsfrist: 1. oktober 2023

OVERNATTING

Kursdeltakarar får høve til gratis overnatting i kollektiv gjennom Teater Vestland. Eige soverom, felles stove, kjøkken og bad. Gi beskjed om du ønsker dette.

OM TEATER VESTLAND

Som regionteater ønsker Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane Teater) å vere eit kompetansesenter for scenekunstnarar og ein møteplass for folk i bransjen.

Teater Vestland flyttar i skrivande stund inn i splitter nytt teaterhus midt i Førde sentrum: Nynorskhuset. Her har teateret to scener: hovudscena og blackboxen. I tillegg turnerer teateret med fleire format i Vestland fylke. Teateret speler på nynorsk og vestnorske dialekter og er landets største nynorske turneteater. Teateret har som visjon «å røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før».

BIO ELDBJØRG LOGNVIK

Kurshaldar Eldbjørg Lognvik er utdanna lærar og logoped, og ho underviste på skodespelarutdanninga ved Statens Teaterhøgskole, seinare Khio, i mange år.

I 2005 leverte ho hovudfagsoppgåve om problematikken rundt dialektovergang; kva skjer med stemme og kroppsspråk når vi skal byte dialekt eller språk?

I 2013 flytta ho tilbake til heimbygda Flatdal i Telemark, og ho har dei siste åra arbeidd innanfor stemmebehandling, stemmeutvikling og språkarbeid/dialektovergang i ulike samanhengar, mellom anna ved Nationaltheatret, NRK og filminnspelingar.

I 2015 gav ho ut boka «Publikum på alle kantar», ei handbok i stemme- og språkarbeid, basert på pensum ved skodespelarutdanninga, god faglitteratur og erfaringar gjennom mange års praksis.

Kurset er i samarbeid med Norsk Skuespillersenter.

 

Sagt om kurset

Det er tredje gong vi arrangerer kurs i dialektomlegging. I denne artkkelen kan du mellom anna lese kva tidlegare deltakarar seier.

Earlier Event: October 23
PRØVEROM
Later Event: November 9
Førde Mållag - Kulturkveld