Back to All Events

BRANSJETREFF I SUNNFJORD


  • Teater Vestland Angedalsvegen 5 Førde (map)
 

Årets regionale bransjetreff finn stad 12.-13. april, med ein online forsmak 29. mars.

Då vi i fjor arrangerte teaterets første regionale bransjetreff, spurde vi deltakarane kva som står øvst på ønskelistene deira. “Kompetanseheving”, “co-produksjon” og “samarbeid med det frie feltet” gjekk att blant svara. Årets program svarer på ønska frå feltet.

Branjsetreffet tjuvstartar digitalt med marknadsføringskurs og held fram med kurs i pitching, smalltalk og nettverksbygging, med høve til å pitche idear for tre teatersjefar i regionen: Solrun Toft Iversen (påtroppande teatersjef på DNS), Thomas Bye (påtroppande teatersjef på Det Vestnorske Teateret) og Cecilie Grydeland Lundsholt her på teateret.

Kven kan melde seg på?   

Alle som jobbar med teater og dans, både utøvande og skapande: regissørar, koreografar, skodespelarar, dansarar, scenografar, kostymedesignarar, lysdesignarar, dramatikarar, produsentar og andre. Bransjetreffet er også for komponistar, musikarar og forfattarar som komponerer og skriv for scene. 

I 2020 vart Sogn og Fjordane og Hordaland slått saman til Vestland, og Teater Vestland har som fylkets største turnerande regionteater mål om å vere brubyggar i den nye regionen.

PROGRAM BRANSJETREFF

12. april kl 11.00-23.00
Bransjetreff dag 1: Pitchekurs “Opp og ut på 3 dagar” og nettverking

13. april kl 10.00-16.30
Bransjetreff dag 2: Pitching for teatersjefar

Stad: Førdehuset
Målgruppe bransjetreff i Sunnfjord: Frilansarar i Vestland fylke
Pris: Kurset er gratis og inkluderer lunsj, middag og 1 overnatting*

*Overnatting inkl. til dei 30 første påmelde

Påmeldingsfrist 1. mars (for både digitalt kurs og bransjetreff i Sunnfjord)

Spørsmål? Send e-post til bransje@teatervestland.no

Dagsprogram 12. april

11.00 – 12.00 Registrering, lunsj og nettverking
12.00 – 13.30 Øving i nettverking
14.00 – 15.45 Pitchekurs – øving og tilbakemelding runde 1
15.45 – 16.15 Pause
16.15 – 19.00 Pitchekurs – øving og tilbakemelding runde 2
19.00 – 23.00 Middag og sosial samling

Dagsprogram 13. april

10.00-11.00 Panelsamtale med Solrun Toft Iversen (påtroppande teatersjef på DNS), Thomas Bye (påtroppande teatersjef på Det Vestnorske Teateret) og Cecilie Grydeland Lundsholt (teatersjef Teater Vestland)

11.00-13.00 Førebuing for dei som skal pitche til teatersjefane (12 stk)
11.00-13.00 Omvising i Nynorskhuset for dei som ikkje skal pitche
13.00-13.30 Lunsj
13.30-15.00 Pitching for teatersjefar, runde 1
15.00-15.15 Pause
15.15-16.00 Pitching for teatersjefar, runde 2
16.00-16.30 Avslutning


 

Opp og ut på 3 dagar

Du har produksjonen på plass, men har du det som skal til for å gi den eit vidare liv? Assitej Norge jobbar med scenekunst for det unge publikummet som del av verdas største scenekunstnettverk – Assitej International. Assitej pitchar, blir pitcha til, programmerer og promoterer norsk og internasjonal scenekunst - i heile verda. No ønsker Assitej i samarbeid med Tater Vestland å gi deg eit krasjkurs i marknadsføring og pitching av scenekunstproduksjonen din.

Kurset består av to delar: Første del er digital og andre del IRL på Teater Vestland i Førde.

I den første, digitale delen 29. mars går vi gjennom alt som trengst for å få selt inn produksjonen – det vil seie strategisk arbeid, branding, SoMe og innhaldsproduksjon for auka synlegheit, kartlegging av ulike marknadar og interessentar, marknadsførings- og presentasjonsmateriell, sørge for at du er turné- og festivalklar, samt forskjellar mellom nasjonale og internasjonale marknadar.

Den andre delen av kurset er IRL og består av networking skills og pitching. Nettverking er eit godt verktøy for å knyte kontaktar og skape moglegheiter for deg sjølv og andre. Men det er jo ofte litt skummelt, eller skal vi heller seie litt kleint? Vi viser deg nokre enkle tips og triks for at nettverking skal bli superlett, gøy og ukleint - og ikkje minst leie til fleire spennande samarbeid.

Vi går gjennom generelle tips for pitching av prosjekt, vi ser spesifikt på prosjektet ditt og gir tilbakemeldingar og rettleiing for å skreddarsy presentasjonen din. Pitching-delen vert avslutta med høve til å pitche moglege samarbeid til tre teatersjefar frå DNS, Det Vestnorske Teateret og Teater Vestland.


Om kurshaldarane

Ingvild Lien har sidan 2020 vore dagleg leiar i Assitej Norge, og ho er utdanna skodespelar frå ALRA i London. Ho er også regissør og bevegelseskoreograf med lang erfaring med å skape eigne produksjonar i teaterkompaniet sitt Memento. Ho har halde fleire kurs for både kunstnarar og næringslivet og har brei erfaring med marknadsføring av scenekunst både nasjonalt og internasjonalt.

Theis Irgens er prosjektleiar- og festivalprodusent i Assitej Norge. Han har ein master i kunstfag frå Universitetet i Agder og ein Bachelor i drama og teaterkommunikasjon frå Oslo MET. Sidan 2008 har Theis laga ei rekke teaterframsyningar for eit ungt publikum med musikk- og figurteaterkompaniet Finken & B. Han kombinerer jobben som prosjektleiar i Assitej Norge med oppdrag som regissør, produsent og figurmakar for eigne produksjonar og andre aktørar.

Som del av Assitej-nettverket har både Theis og Ingvild eit breitt nettverk innan scenekunst, både nasjonalt og internasjonalt.

Earlier Event: October 10
SCENEKAMPKURS I HAUSTFERIEN!
Later Event: February 20
Musikalkurs i vinterferien