Personvernerklæring

1. Om Sogn og Fjordane Teater

 

Eigar av denne nettsida er: Sogn og Fjordane Teater,  Angedalsvegen 5, 6802 Førde. 

Epost: post@softeater.no Tlf: 909 90 600  Vårt org. nr er: NO 929 181 557 

 

2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar

 

I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse,epost, telefonnr, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.

 

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

 

Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.

 

4. Kunderegister

 

I vårt kunderegister lagrar vi normalt namn, fødselsdato, bustadadresse, epostadresse og telefonnummer. Vi lagrer informasjon om tenester og produkt du har kjøpt hjå oss. 

Dette er informasjon vi treng for å kunne oppfylle vår avtale med deg, administrere ditt kundeforhold, levere og fakturere produkt og tenester korrekt. Informasjonen blir lagra i vårt kundesystem så lenge det er tenleg for oss. Ønskjer du å få oversikt over kva vi har lagra og evt. bli sletta frå vårt kunderregister, sjå kapittel 5 Brukarkonto Min Side og kapittel 12 Innsyn, retting og sletting av personinformasjon under. 

 

5. Brukarkonto Min side

 

Vi samlar inn kundeinformasjon i samband med oppretting av brukarkonto på softeater.no. Alle opplysningar som er innhenta frå brukaren er tilgjengelege på MiSide, og kan korrigerast av brukaren der. Vi tek atterhald om at nokre endringar kan kreve godkjenning før dei vert aktiverte.

 

 

6. Informasjonskapslar

 

Softeater.no nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.

 

7. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

 

Eigar: Squarespace/Google Analytics

Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.

Eigar: Vimeo

Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.

 

 

8. Nyheitsbrev

 

Ved å melde deg på Sogn og Fjordane Teater sitt nyheitsbrev, samtykker du til at vi lagrar ditt namn og di e-postadresse. Dette brukar vi til å sende ut relevant informasjon om oss og våre tenester. Vi nyttar Mailchimp for å handtere utsendingar av e-postar. Sogn og Fjordane Teater forpliktar seg til å ikkje dele informasjonen din med andre partar. Informasjonen vil ligge lagra hjå oss inntil du eventuelt melder deg av nyheitsbrevet. Alle våre utsendingar har funksjonalitet for at du kan melde deg av med eit klikk.  

 

9. Informasjon i samband med kommunikasjon med oss

 

Vi lagrar opplysningar gitt via din kommunikasjon med oss. Dette er t.d. e-postar du sender oss og problem du rapporterar inn. Vi lagrar denne informasjonen for å gje deg best muleg service når du kontakter oss ved at vi kjenner historikken i ditt kundeforhold. 

 

 

10. Kontaktskjema

 

Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida lagrar vi denne informasjonen i vårt CRM-system. Denne informasjonen vil vi lagre for å kunne yte betre kundeservice. Vi etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig. Ønskjer du å bli sletta, sjå kapittel om Innsyn, retting og sletting av personinformasjon under.

 

11. Deling

 

Det er muleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.

 

12. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon

 

Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å hendvende seg til Sogn og Fjordane Teater på e-post: post@softeater.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.  

 

13. Ansvarleg databehandlar

 

Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Teater er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.

 

Har du spørsmål, ta kontakt på post@softeater.no