Kyrre Eikås Ottersen

Kyrre kom direkte frå skodespelarutdanning ved Bergen Teaterskole til engasjement ved SoFt i 1995. Han har hatt fast stilling ved teatret sidan 1996.

Dei siste åra har han mellom anna spelt i Saman skal vi leve (2005), Mikal Hetles siste ord (2007), Lindetreets løyndom (2009,) Ishuset(2009) og Få meg på, for faen (2011). Kyrre reiste i 2011/12 rundt i skulane i Sogn og Fjordane med framsyninga Du ana´kje som handla om Tor Henning Karlsen frå Eikefjord som vart mobba gjennom mesteparten av skuletida.

I 2013 imponerte han i rolla som Mensen Ernst. Han har hatt fleire roller i Kinnaspelet, både som Tarve og no som prest.