Privattimen

SoFt_Privattimen_785x414px.jpg

Première 10. mars 2017

 

Privattimen er skrive i 1951 av den rumenskfødde dramatikaren Eugène Ionesco. Samuel Becket og Ionesco blir rekna som deiviktigaste representantane for absurdteater. Ionesco kalla sjølv Privattimen for eit komisk drama. Den burleske og humørfylte einaktaren handlar om ein ung, naiv elev og ein besynderleg professor som skal hjelpe eleven til å ta «den universelle doktorgrad» på tre veker!

Stykket er skrive som eit angrep på eit undertrykkande skulesystem med totalitær lærarautoritet, spekka med overraskande innfall og overdriven, grotesk humor. Ionesco set fokus på det meiningslause ved konvensjonane våre, – kva oppdreg  vi unge menneske til? Kva slags banal kunnskap er det vi tvingar på dei? Kva slags nytte vil dei ha av det håplause tankegodset og dei ubrukelege ferdigheitene vi indoktrinerer dei med? Kva brukar vi språket til, - å dominere eller frigjere?

Privattimen er eit angrep på makt, maktbruk og maktmisbruk. Eleven blir nesten hypnotisert til å uttale meiningslause banalitetar og tomme læresetningar. Læraren viser seg å vere ein pervers sadist som til slutt drep sin hjelpelause og etter kvart temmeleg aggressive elev. Det er eit intenst og tankevekkande stykke som stiller spørsmål ved meiningsløysa ved dei tillærte og undertrykkande verdiane våre.

Men først og fremst blir alt fortalt i ein frekk, antikonvensjonell og frigjerande form for absurd humor. Både lærarar og elevar vil kjenne seg att!  

 

Av Eugene Ionesco
Omsetjing Svein Selvig
Regissør Bentein Baardson
Scenograf Bentein Baardson
Lysdesignar Krystian Myska

Teaterforlaget Nordiska asp

 

 
 
 

 

"Forrykande teater om maktmisbruk"..."...ei drivande god teaterframsyning med innslag av svart humor og ironi." ..."Dessutan gjer skodespelarane imponerande prestasjonar i ein intens einaktar, som over 70 minutt må vere svært krevjande både fysisk og psykisk. Reidun Melvær Berge og Kyrre Eikås Ottersen byr verkeleg på seg sjølve." -Firda



Artikkel

 

 


 


 

 

 
 

Medverkande


Fotogalleri