Vildanden

2016 Vildanen FB.jpg

Première 12.mars 2016

 

Ei skjeggete Vildand

Inne på eit mystisk, mørkt loft, mellom krinklar og krokar, blant gamle skatoll og støvete bøker har familien Ekdal ei vill and. Det hadde dei i 1885 då stykket vart sett opp for første gong, og det har dei framleis i dag, når SoFt flyttar stykket til vår samtid, inn i ein moderne heim ein eller annan stad her i fylket.

Du har kanskje eit sånt loft du òg? Der du har gøymt alle løyndomane frå ungdomstida, grave dei ned blant pappøskjer fulle av både stolte og vonde minne? Innerst i hjernebarken har du kanskje innsett kven du er, eller kven du kunne ha vore, innsikt du lar ligge trygt forvart i bortgøymde loftsrom i hjernen?

Både fortid og notid er fulle av løgn, dette er like sant for oss som det var for Ibsens småborgarar. Men kanskje gjer vi same feilen som Gregers, som ikkje vil la Hjalmar leve i løgn? Kanskje burde vi ha høyrt på Relling, og la sovande hundar sove? Relling står trass alt for eitt av Ibsen sine mest kjente sitat, som i Maria Tryti Vennerød si solide omsetjing til nynorsk lyder slik:

Tar du livsløgna frå eit gjennomsnittsmenneske tar du lukka frå det med det same.

Med eit knallsterkt ensemble inviterer vi publikum med på eit skjebnesvangert angrep på livsløgna.

 

AV Henrik Ibsen
OMSETJING Maria Tryti Vennerød
REGI Øystein Ulsberg Brager
DRAMATURG Solrun Toft Iversen
SCENOGRAFI/KOSTYME Margrete Eskedahl

 

 

 

"Å setje saman eit slikt puslespel av tankesett, haldningar og språk som ikkje går frå langt vekk frå originalen og samtundes er truverdig i dag er rett og slett imponerande" - Firda
 
 

 

Medverkande

 
 

 
 

Fotogalleri