FYSIKARANE

Sogn og Fjordane Teater/ Teater Vestland - Fysikarane. Originaltittel: Die Physiker av Friedrich Dürrenmatt.
 
 

Tenk deg ei oppfinning som kan utslette alt livet på jorda, og tenk deg så at denne oppfinninga hamnar i hendene på den galnaste av dei alle. Heilt fjernt frå dagens røyndom er det kanskje ikkje...? 

Fysikarane av Friedrich Dürrenmatt er ein svart komedie, skriven i 1962 under den kalde krigen. Tre fysikarar er innestengde på lukka avdeling. Den eine trur han er Einstein, den andre trur han er Newton og den tredje er overtydd om at Kong Salomon openberrar seg for han. Nei, feil! Galskapen er berre eit skalkeskjul. Genialt, Ja! 

Den eine fysikaren vil verne verda mot si eiga oppfinning og let som om han er djupt forstyrra. Dei to andre er spionar på oppdrag for verdsmaktene. Dei òg må late som om dei er utilreknelege for å få eigarskap til ei oppfinning som vil gi uendeleg makt og verdsherredømme. På scena er det totalt kaos. Fem skodespelarar går inn og ut av 12 ulike karakterar. Dei stel replikkar frå kvarandre og skiftar kostyme framfor alle. Det som utspeler seg er det glade vanvit.   

Publikum blir utstyrt med øyreklokker som dei skal ha på under heile framsyninga. Det gjer dette stykket til ei heilt annleis teateroppleving. Ei ulande blålyslampe, knirkande dører og utilrekneleg babling - alle lydane kryp gjennom kablar og rett inn på øyret ditt og lukkar deg inne i ditt eige, private galehus. 

 

 

FOTOGALLERI FYSIKARANE

Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

 

KUNSTNARLEG LAG

FYSIKARANE (Die Physiker)
AV Friedrich Dürrenmatt
OMSETJING Carl Fredrik Engelstad
NYNORSK TEKST Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen og Reidun Melvær Berge
REGI OG VISUELT UTTRYKK Bodil Kvamme
LYSDESIGN Krystian Myska
LYD Robert Tomkiewicz
Teaterforlaget Folmer Hansen

 

MEDVERKANDE

 

FYSIKARANE

Av Friedrich Dürrenmatt

Originaltittel: Die Physiker