Idun Losnegård

Idun har 3-årig skodespelarutdanning frå The Guildford School of Acting i England og har sidan jobba frilans i Norge og England, mellom anna i Babel på Det Åpne Teater i Oslo/Artistas Unidos, Lisboa, The last room I checked og Alyona på The Arcola Theatre i London og Tolv på fem psykose på Teater Manu.

Idun er vokalist i bluesbandet Mrs. and the Pitifuls med base på Vestlandet og er partnar i friteatergruppa Aldateateret.

Ho har vore engasjert ved SoFt ei rekkje gonger. Vi kan nemne Ishuset (2009), Sirkus Saragossa (2012) og My fair lady goes Sogn og Fjordane og Mensen Ernst - løpekongen frå Sogn (2013). Idun jobbar fast på SoFt fram til 2015.