Så vakker du er

2016_så vakker du er FB.jpg

Première 9. januar 2016

 

Det er rart, sa eg.
Kva då? svarte Kjersti.
Kor glad og ulykkeleg ein kan vere på same tid, svara eg.

Det er sommar, og alt er annleis. Onkel Simon flyttar inn hos Henrik og mora. Simon og Henrik har alltid hatt eit nært forhold, men no er Simon sjuk, veldig sjuk. Henrik fortel Simon at han har kyssa Kjersti, ei jente i klassa, men sanninga er at han ikkje torde. No har Kjersti vore på ferie i Italia, og Henrik lurer på om ho har sakna han.

Eit ungt kraftlag frå fylket står bak denne framsyninga, når musikar Thea Hjelmeland og regissør Miriam Prestøy Lie går saman om å iscenesetje Brynjulf Jung Tjønn sin brageprisvinnande ungdomsroman. Så vakker du er fortel historia om ein gut som er i ferd med å bli ein mann, mens ein annan ung mann visnar bort. Men mest av alt handlar det om at ein må gripe dei sjansane livet gir.

 

AV Brynjulf Jung Tjønn
DRAMATISERING/REGI Miriam Prestøy Lie
MUSIKK Thea Hjelmeland
SCENOGRAFI/KOSTYME Dagny Drage Kleiva
VIDEODESIGN Åsmund Bøe

 

Turné i samarbeid med Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane på ungdomsskular i fylket.

 

 


"Vakkert og sårt om kjærlighet og død" - Bergens Tidende

 

"Sjelden har teateret til de grader levendegjort og utvidet en leseopplevelse" - Ida Lou Larsen
 
 

 
 

Medverkande

 
 
 

 
 

Fotogalleri