Kvinna frå før

LiggendeKvinna-FB_web.jpg

Première 29. oktober 2016

 

Frank og Claudia har levd i lag i over tjue år. Saman med tenåringssonen Andi har dei no pakka ned liva sine for å flytte til ein ny stad og ei ny framtid.  Men den siste kvelden i den gamle heimen vert annleis enn den vesle familien hadde tenkt seg. Då det uventa ringjer på døra, opnar dei opp for ei skulding frå fortida. For på dørstokken står Romy for å innkrevje eit løfte Frank gav henne for 24 år sidan. Eit løfte om evig kjærleik og truskap. For Romy er det ufatteleg at den gamle kjærasten hennar ikkje kjenner seg forplikta av denne gjelda, men no vil verje sin eigen familie. Det er dei to som høyrer saman. ” Vi var kjærestar og vi er framleis kjærestar”, seier ho. 

Kor godt kjenner vi eigentleg dei vi har valt å dele livet med? Kor sårbar er tilliten mellom ektefolk? Kor trygt er det livet vi skapar for oss sjølve og våre næraste når fortida kjem for å innhente oss? Kva er eigentleg dette løftet om kjærleik som vi gir kvarandre? 

Kvinna frå før er ei kompromisslaus spenningshistorie om fortid og notid – og om å love å elske og ære kvarandre heilt inntil døden. 

 

 
 
"Sterkt om det sårebare... Kvinna frå før vekte kjensler og engasjement, og vi gløymer tid og stad. Tusen takk Sogn og Fjordane Teater" - Fjordingen

 

"Engasjerande teater? Desidert!" - Firda

AV Roland Schimmelpfennig
OMSETJING Maria Tryti Vennerød
REGI Terje Skonseng Naudeer
VIDEODESIGN Åsmund Bøe
LYSDESIGN Krystian Myska
 


Medverkande


Fotogalleri