Juleevangeliet - Miriam si forteljing

Teater Vestland - Juleevangeliet, Miriam si forteljing. Originaltittel: “Mirjam, ammen” av Håvard Rem

Foto: Oddleiv Apneseth

 

«Juleevangeliet - Miriam si forteljing» er Håvard Rem si gjenforteljing av juleevangeliet. Forfattaren har skrive stykket med utgangspunkt i Lukasevangeliet der Josef si syster Miriam fortel sin versjon av det som hende då svigerinna hennar, Maria, fødde eit barn.

Miriam fortel om korleis broren Josef forelskar seg i den unge Maria. Ho blir gravid, og Josef må leve med at det ventande barnet er kome til ved guddommeleg medverknad. Ei kvinne som vert gravid utanfor ekteskap, vil kunne få dødsdom ved steining, og Josef må ta på seg farskapen for å berge si tilkomande sitt liv.

Juleevangeliet sin sterke bodskap skildrar dramatikken rundt fødselen i perspektiv av både religion, historie og identitet. 

AV Håvard Rem
OMSETJING Asbjørg Lotsberg
REGI Marit Østbye
LYSDESIGN Krystian Myska
MEDVERKANDE Idun Losnegård

 
 

 

Fotogalleri “Juleevangeliet - Miriam si forteljing”

 

Foto: Oddleiv Apneseth

JULEEVANGELIET, MIRIAM SI FORTELJING

MESSIAS | Tre monologar av Håvard Rem | del 1: Mirjam, ammen