EVIG UNG

Sogn og Fjordane Teater / Teater Vestland - “Evig ung”. Originaltittel “Ewig jung “ av Erik Gedeon.

Foto: Oddleiv Apneseth

 

I 2017 er det 40 år sidan eventyret Sogn og Fjordane Teater starta. Dette skal feirast, og jubileumsframsyninga vert den musikalske komedien «Evig ung».

I teaterframsyninga "Evig Ung" flyttar vi fram til ei tid der Sogn og Fjordan Teater no fungerer som ein gamleheim for tidlegare skodespelarar.

Dei avdanka skodespelarane har resignert mot overformynderi og nedlatande aktiviseringstiltak - heilt til pleiarane snur ryggen til. For under den trøytte overflata murrar ekkoet frå ei tid då dei var radikale og opprørske. Og når pleiarane ikkje ser og ikkje høyrer, vert dei indre rebellane vekte til live att.

Det bryt ut song, latter og dans, og dei presterer som dei gjorde på scena for 40 år sidan. Det er framleis mykje saft og kraft i desse kroppane, og dei er slett ikkje så resignerte som det kan sjå ut som. Når ingen ser dei, minnest dei karrierane sine og tida på Sogn og Fjordane Teater gjennom song og musikk. 

Ved pianoet på scena finn vi pianist Harald Dahlstrøm, som akkompagnerer skodespelarane i kjende pop- og rockelåtar frå dei siste 50 åra. Songane vi kjenner så godt er blant anna «You can leave your hat on»,  «I love rock and roll», «Stayin alive» og «I got you babe». Lokale folkekjære songar finn også sin plass i denne framsyninga. 

Då Erik Gedeons komedie, "Evig Ung" blei laga første gong, klarte eit økonomisk pressa teater i Sverige å fylle seta og begeistre publikum med sin vitale sjarmoffensiv.

Blant fleire legendariske hits peikar ” I will survive” seg kanskje sterkast ut som betegnande for livsviljen som står så sentralt i dette stoffet. I latteren, varmen og gjenkjenninga som denne framsyninga byr på, ligg det ei påminning om at vi aldri må resignere og slutte med å uttrykke oss, og at i pressa tider står vi best saman.

Sidan den gongen har fleire versjonar møtt sitt publikum rundt om i verda. Sogn og Fjordane Teater sin "Evig Ung" er nettopp Sogn og Fjordane Teater sin.

Den er ein hyllest til tidlegare framsyningar, eit høve til å dyrke felles minne og nynne med på ein song. Mellom latter, singalong  og musikalske perler ligg også eit varsku om at vi må hugse å verne om desse stundene. Hugse å sjå framover også når vi minnest, så vi kan trygge rammene for å dele opplevingar, kunst og kultur med kvarandre, også i framtida. 

 

 

 

Artikkel

 

FOTOGALLERI EVIG UNG

 
 
 

Foto: Oddleiv Apneseth

 

KUNSTNARLEG LAG

Av Erik Gedeon
Omsetjing Marit Tusvik
Regissør Hilde Sol Erdal
Scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes
Maskør Helena Andersson
Lysdesignar Krystian Myska
Dramaturg Solrun Toft Iversen

 
 
 

MEDVERKANDE

 
 
 
 
 

EVIG UNG

AV ERIK GEDEON

Originaltittel: Ewig jung