På sporet av julefreden

 
Foto: Oddleiv Apneseth

Foto: Oddleiv Apneseth

Å levandegjere ei historie som kanskje ikkje er levande for oss lenger. Dette var eitt av forfattar Håvard Rem sine ønskje, då han bestemte seg for å gjenfortelje sjølvaste juleevangeliet med ei heilt ny stemme som utgangspunkt.

I Rem sin tekst er det Miriam, søstera til Josef og ei kvinne av folket, som fører ordet. Gjennom henne kjem ein ikkje berre tett innpå menneska og omstenda rundt Jesu fødsel, men også dei urolege og spente tidene desse menneska levde under.

- Juleevangeliet - Miriam si forteljing var eit forsøk på ei meir jordnær tilnærming til denne fasinerande historia som på ein måte pregar heile vår kultur, fortel Håvard Rem. Han trur at det i våre dagar er viktigare enn nokon gong å lytte til ei stemme frå historia, noko juleevangeliet nettopp er.

- Også på den tida var det store spenningar mellom Europa og Midtausten. I tillegg kan det vere fint å høyre ei av vår tid sine viktigaste historier - frå 2000 år attende - midt oppi dei meir moderne juleførebuingane i dag.

For det går mot advent og jul, ei tid full av høge forventingar og førebuingar. Nokre opplever dette som den beste og varmaste tida på året, med sine ritual, sine rike dufter og velkjende songar. Nokre ser det kanskje meir som eit uroleg jag, der dei materialistiske verdiane overkøyrer den djupare bodskapen som julehøgtida tradisjonelt sett har bore med seg i vår kultur.

- Juleevangeliet er først og fremst ein fredsbodskap, noko som verkeleg har relevans for vår tid, meiner Rem. Dette er tankar han deler med regissør for oppsetjinga, Marit Østbye:

- Eg håpar stykket gjev folk rom til å ta ein pause og tenkje over den vakre bodskapen om fred. Dette er ei god moglegheit til ettertanke, og ein pause frå julestresset som snart er over oss, fortel ho.
 

Nærvær i stemningsfulle kyrkjerom

Østbye gler seg til å vise fram Juleevangeliet - Miriam si forteljing rundt i fylket, og dreg særleg fram skodespelar Idun Losnegård sin innsats som Miriam.

-  Idun er heilt fantastisk på scena! Med sitt nærvær og sin munnlege stil, gjer ho Miriam verkeleg levande. Første gong vi hadde prøver i ei kyrkje gjorde det eit veldig inntrykk, det må nesten berre opplevast, seier Østbye.

Losnegård er åleine på scena i dette stykket, og kjenner både spenning og forventing før turnéen som vert sett opp i vakre kyrkjer og kapell fylket over.

- Eg gler meg verkeleg til å spele i dei ulike kyrkjene. Kyrkjeromma er utruleg stemningsfulle, og det passar denne framsyninga veldig godt, meiner ho.

Etter å ha jobba med juleevangeliet ei lengre tid, har Idun også gjort seg nokre tankar om både denne historia og om julehøgtida i seg sjølv.

- Det har slege meg at dei fleste songar og salmar vi syng i jula, dei handlar om fred. Og i det kaoset som regjerte på tida for Miriam si forteljing, gjev det verkeleg meining. Men det same er sant i dag. For sjølv om vi her heime kan sjå fram til at julefreden senkar seg, så betyr dette ordet noko heilt konkret for tallause menneske verda over, seier Losnegård.

Hennar eigne juleførebuingar er sette på vent medan ho er på turné, og hovudrolleinnehavaren tvilar på at det vert baka sju sortar til jul i år.

- Men eg vert absolutt litt julete av å halde på med Miriam, og dette stykket og bodskapen i det er utan tvil noko eg vil ta med meg inn i julefeiringa, avsluttar ho.