Julekrybba

Julekrybba FB 2.jpg

Première 27. november Helgheim kyrkje
Première 4. desember Helgheim kyrkje
Première 11. desember Florø kirke

 

Sogn og Fjordane Teater inviterer til samarbeid med tre kulturskular i fylket:
Florø Kulturskule, Førde og Naustdal Kulturskule og Jølster kulturskule.

Julekrybba er eit spel der handlinga er bygd på juleevangeliet og andre tekstar få Det Nye Testamentet. Kristi fødsel og omstenda rundt den står i sentrum. Evangeliet kan symbolisere håp, synt gjennom det nyfødde barnet. Eit barn blir født, eit nytt lys vert tent og gir oss håp.

Musikken i framsyninga er kjende og ukjende julesongar. Julekrybba er ein stor kostymeproduksjon med over 30 ulike kostyme, som vert produsert på teateret etter inspirasjon frå seinmiddelalderen og renessansen.

Prøveperioden blir hausten 2016, frå skulestart til première, med om lag 90 elevar i alderen 8-19 år.

 

TILRETTELAGT AV
Bentein Baardson og Bodil Kvamme
REGI Jeff Pedersen
KOSTYMEDESIGN Else Lund
LYSDESIGN Kristian Myska

PROSJEKTLEIAR Reidun Støfring
KULTURSKULEANSVARLEGE:
Karen Helga Maurstig
Reidun Støfring
Oda Alisøy

MEDVERKANDE:
Reidun Melvær Berge
20 elevar ved Flora Kulturskule
30 elevar ved Førde og Naustdal Kulturskule
30 elevar ved Jølster kulturskule

ORGANISTAR:
Asbjørn Flåm
Rune Molvik
Sebastian Dietrich Ryll

 

"...dette var berre så utruleg vakkert, og imponerande på alle måtar. Dei unge dramaspirane frå kulturskulen trollbatt publikum og leverte ei førestilling som stod til topp karakter" - Firda Tidend

 
Førde og Naustdal kulturskule og Reidun Melvær Berge

Førde og Naustdal kulturskule og Reidun Melvær Berge

 
Julekrybba Jølster Kulturskule og Reidun Melvær Berge

Julekrybba Jølster Kulturskule og Reidun Melvær Berge

 
Kulturskulen i Flora og Reidun Melvær Berge

Kulturskulen i Flora og Reidun Melvær Berge

 
 
 

Fotogalleri