TRYGT TEATERBESØK

 
Trygt_1_1249x426px.jpg

For å sikre ei trygg og god teateroppleving følger Teater Vestland myndigheitene sine forskrifter og retningslinjer for å skape eit sikkert miljø for publikum.

Er du frisk?

Har du vore i kontakt med nokon som er smitta eller er i karantene, føler deg sjuk eller har symptom på sjukdom, er det viktig at du held deg heime.

Når du skal kjøpe billett

- På mange spelestader er det kun høve til å kjøpe billett digitalt,

- Kjøp billett på www.teatervestland.no eller på kulturhus.

- Registrere namn, mobilnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøper billett til andre enn deg sjølv, må du ha oversikt over namn og kontaktinformasjon til vedkommande. Dette er for at vi skal kunne oppfylle myndigheitenes krav til smittesporing.

Oppmøte før framsyning

Før framsyning møter publikum i fellesområde utanfor teatersalen.

  • Ein bør berekne noko meir ventetid ved innslepp til framsyninga enn vanleg, og vi anbefaler å møte opp 30 min før framsyninga startar.

  • Ha billetten klar anten på utskrift eller mobil.

  • Hald 1 meter avstand til andre

  • Bruk munnbind

  • Ha god hand- og hostehygiene

  • Nytt antibac-stasjonane i fellesarealet

Munnbind, handvask og hygiene

Husk å vask eller desinfiser hendene dine før framsyning. Handdesinfiserande såpe vil vere tilgjengeleg i publikumsområdet. Bruk munnbind fram til du er på plass i teatersalen med 1 m avstand til neste kohort.

Toalettbesøk

Publikum har høve til å nytte toalett før, under og etter framsyning. Dersom ein må nytte toalettet under framsyning, må ein nytte munnbind ved ut- og inngang.

Etter framsyning

Etter endt framsyning må publikum bli sittande i setet til det blir gitt beskjed om at ein kan forlate salen. Dette er for at alle skal kunne forlate salen med god avstand til kvarandre.

Vi ønskjer deg eit hyggeleg teaterbesøk og vi gler oss til å sjå deg!