JENTA MED FYRSTIKKENE

 
 
 

Har du høyrt eventyret om den vesle jenta som vandrar berrføtt rundt i snøen ei nyttårsaftan og sel fyrstikker? I så fall gløymer du henne aldri.

H.C. Andersens eventyr “Piken med svovelstikkene“ er eit av dei vakraste og såraste eventyra vi har, ein udødeleg klassikar for barn. Eventyret er frå ei anna tid, men det er like opprørande i dag: Kvifor er det ingen vaksne som hjelper jenta? Kvifor går dei berre forbi, korleis kan dei tole det?

I vår versjon “Jenta med fyrstikkene” inviterer vi barn inn i ei nær, sanseleg og fantasirik teaterverd. Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen speler to forskjellige arketypar i vaksenverda; den som vil beskytte barnet mot sanninga, og den som synest det er viktig å snakke om det vanskelege. Små barn har stor sans for rettferd, og dei forstår godt at eventyret handlar om nestekjærleik. Det er julas bodskap, det, og få juleforteljingar stikk djupare i oss enn denne.

Jenta blir spelt av Carina Furseth. Ho er nysgjerrig, empatisk og tenkande – som ungar flest – og aksepterer ikkje utan vidare det dei vaksne fortel henne. Opplevinga av eventyret blir sterkare fordi vi får sjå det med barnets blikk.


Framsyningslengd: 45 min
Familieframsyninga høver for alle frå 5 år.
Framsyninga vert spelt i ‘blackbox’ med avgrensa tal plassar.

Med atterhald om endringar.

 

«Jenta med fyrstikkene» forsøker å mane frem håpet i en håpløs fortelling. Og lykkes.

Teatermelding Periskop.no

“Det er jo ikkje slik me vil biletet av jula skal vere. Så når Teater Vestland og regissør Miriam Prestøy Lie lar dette vera deira juleframsyning i år, så er det òg politisk.”

Teatermelding NRK

“Det er mange småting som barn gjer, som Furseth får til å sjå naturleg ut på scena. Mellom anna å ikkje klare å stå i ro.”

Teatermelding Firda

“Her vender historia seg til styrken som bur i oss alle, liten og stor, og fortel oss at vi held vår eiga forteljing i våre eigne hender.”

Teatermelding Norsk Shakespearetidsskrift

Jenta med fyrstikkene vart ei fin oppleving på ein liten time for alle generasjonar, og ein ettertanke hos dei vaksne vart nok med heim saman med litt kunstsnø på sokkane.”

Teatermelding Scenekunst.no

 

Podkast

Høyr regissør Miriam Prestøy Lie i samtale med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt. Begge brenn for å lage modig teater for barn. Dei torer å ta tak i alvorlege tema og å mikse dei med humor, og dei ønsker at barn skal få tillit til at dei kan bruke stemmene sine. I denne podkasten kjem det fram at regissøren og teatersjefen hentar litt mot ifrå kvarandre.

Fotogalleri

 

KUNSTNARLEG LAG

Av H.C. Andersen
Regissør Miriam Prestøy Lie
Dramaturg Cecilie Grydeland Lundsholt
Visuelt uttrykk Synnøve Ringdal
Komponist, musikkproduksjon og lyddesign Thea Hjelmeland
Lysdesignar Krystian Myska
Omsetjar Terje Lyngstad

MEDVERKANDE
Carina Furseth
Idun Losnegård
Kyrre Eikås Ottersen


Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar
Film: Scenisk Fiksjon
Podcast: Rakkar, Sprei