TOLLAK TIL INGEBORG
Nynorsken har fått ein ny klassikar - Bergens Tidende
Sterke skuespillere bærer en bekmørk forestilling som truer med å synke inn i skyggene - Dagsavisen
Vi kjenner alle ein Tollak. Slik vi ser han på scena, kjenner vi han i oss sjølve og i kvarandre
- Norsk Shakespearetidsskrift
Mørk og dirrande, med ein god hovudrolleprestasjon - NRK
Dei kallar han Tollak til Ingeborg. Alle veit om den gamle stabukken som bur oppe ved sagplassen. Alle veit at ungane hans ikkje kjem heim så ofte. Alle veit han tok til seg han dei kalla Oddotosken. Og alle hugsar den gode kona hans. Men det er noko folk ikkje veit. Det er på tide å fortelje.
Lesarane og kritikarane vart vilt begeistra då Tollak til Ingeborg av Tore Renberg kom i 2020. Historia om stabeisen Tollak rører folk over heile landet, og romanen er selt i over 70 000 eksemplar. No kjem sceneversjonen, dramatisert av forfattaren sjølv. Fem skodespelarar står på scena i dette mørke og intense familiedramaet om kjærleik og blodsband, om vald og avmakt, og om forskjellen mellom alen furu og billeg gran.
Regien for sceneversjonen er ved Miriam Prestøy Lie, som har markert seg med ei rekke kritikarroste framsyningar. Dette vert det fjerde samarbeidet hennar med bergenskomponisten Selma Stang, som har gjort suksess med sitt samarbeid med Aurora. Det visuelle universet vert skapt av scenograf Milja Salovaara og lysdesignar Martin Myrvold. På scenen møter du Kyrre Eikås Ottersen, Andrine Sæther, Malene Wadel, Harald Ottesen Nødtvedt og Sebastian Biong.
Tollak til Ingeborg er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Riksteatret. Urpremieren er Teater Vestland si opningsframsyning i Nynorskhuset i Førde, og stykket skal på turné i heile landet.
PRESSEFOTO
Foto Magnus Skrede
Teatermeldingar
KUNSTNARLEG LAG
Forfattar og dramatikar Tore Renberg
Regissør Miriam Prestøy Lie
Scenograf og kostymedesignar Milja Salovaara
Lysdesignar Martin Myrvold
Komponist og lyddesignar Selma Stang
Musikalsk medprodusent Odd Martin Skålnes
Koreografisk assistanse Kristin Ryg Helgebostad
Språkkonsulentar Terje Lyngstad og Eldbjørg Lognvik
Produsent Silje Vigerust Vinjar
I rollene:
Kyrre Eikås Ottersen
Andrine Sæther
Malene Wadel
Sebastian Biong
Harald Ottesen Nødtvedt