JENTA MED FYRSTIKKENE

 
 

Har du høyrt eventyret om den vesle jenta som vandrar berrføtt rundt i snøen ei nyttårsaftan og sel fyrstikker? I så fall gløymer du henne aldri.

H.C. Andersens eventyr “Piken med svovelstikkene“ er eit av dei vakraste og såraste eventyra vi har, ein udødeleg klassikar for barn. Eventyret er frå ei anna tid, men det er like opprørande i dag: Kvifor er det ingen vaksne som hjelper jenta? Kvifor går dei berre forbi, korleis kan dei tole det?

I vår versjon av “Jenta med fyrstikkene” inviterer vi barn inn i ei nær, sanseleg og fantasirik teaterverd. Idun Losnegård og Peder Lauvås speler to forskjellige arketypar i vaksenverda; den som vil beskytte barnet mot sanninga, og den som synest det er viktig å snakke om det vanskelege. Små barn har stor sans for rettferd, og dei forstår godt at eventyret handlar om nestekjærleik. Det er julas bodskap, det, og få juleforteljingar stikk djupare i oss enn denne.

Jenta blir spelt av Carina Furseth. Ho er nysgjerrig, empatisk og tenkande – som ungar flest – og aksepterer ikkje utan vidare det dei vaksne fortel henne. Opplevinga av eventyret blir sterkare fordi vi får sjå det med barnets blikk.


Framsyningslengd: 45 min
Familieframsyninga høver for alle frå 5 år.
Framsyninga vert spelt i ‘blackbox’ med avgrensa tal plassar.

Teatermeldingar av Jenta med fyrstikkene:

Intim teatermagi

«Dette er en vakker og intim teaterstund
som tar barna med inn i H. C. Andersens eventyr
og inn til kjernen av hva det vil si å være menneske»
NRK

Julestemning på 45 minutt

«Jenta med fyrstikkene» er eit søtt og smart, lite teaterstykke som både vaksne og born kan like. Verdt turen, meiner Firda sin meldar.
Firda

Så enkelt - så smart

«Jenta med fyrstikkene» forsøker å mane frem håpet i en håpløs fortelling. Og lykkes»
Periskop.no

… ei storarta kunstoppleving

“Her vender historia seg til styrken som bur i oss alle,
liten og stor, og fortel oss at vi held vår eiga forteljing i våre eigne hender.”
Norsk Shakespearetidsskrift

Vi lo, og eg grein ein skvett også

“…ei fin oppleving på ein liten time for alle generasjonar, og ein ettertanke hos dei vaksne vart nok med heim saman med litt kunstsnø på sokkane.”
Scenekunst.no

 

Framyningsfoto

Foto: Espen Nyttingnes

KUNSTNARLEG LAG

Av H.C. Andersen
Regissør Miriam Prestøy Lie
Dramaturg Cecilie Grydeland Lundsholt
Visuelt uttrykk Synnøve Ringdal
Komponist, musikkproduksjon og lyddesign Thea Hjelmeland
Lysdesignar Krystian Myska
Omsetjar Terje Lyngstad

MEDVERKANDE
Carina Furseth, Idun Losnegård og Peder Lauvås