@RAGNAROK08

 
 

Ein heilt vanleg dag i ein heilt vanleg by syklar pizzabodet Kim rundt og anar ingenting om at nett no er det nokon som treng hjelpa hennar. Hackaren Emma er i store problem. Ho har stole hemmelegstempla dokument frå staten og skal til å dele dei med organisasjonen The Citizens of Nowhere. I siste augneblink får Emma kalde føter, og ho treng å snakke med nokon. Valet fell på pizzabodet Kim.  

Bør vi som bur i Noreg få all informasjon, eller finst det informasjon som aldri må delast? Er hackaren varslar eller tystar, forrædar eller helt, snitch eller vernar, samfunnsborgar eller folkefiende? Og kva vil skje om informasjonen kjem ut, vil det føre til at verda går under og vi blir kasta inn i Ragnarok? Midt oppi desse store spørsmåla hamnar eit uskuldig pizzabod. 

Undervegs i framsyninga blir publikum bedne om å ta enkelte val som bestemmer handlinga. Slik blir kvar framsyning unik for dei som sit i salen akkurat den dagen! 

@Ragnarok08 er ein thriller og passar for alle frå 13 år og oppover. 
Framsyningslengd ca 60 min.
Framsyninga vert og spelt i Den kulturelle skulesekken.

Vi vil gjerne gjere publikum merksame på at det blir det synt våpen i denne framsyninga.

Teater Vestland samarbeider med Moster2024 om denne framsyninga. I 2024 er det 1000 år sidan Olav den heilage innførte kristenretten på Moster, og med det såg vi starten på Noreg som rettsstat. Moster2024 er ei 1000-årsfeiring for heile landet med barn og unge i sentrum. 

 

Framsyningsfoto

Fotograf: Espen Nyttingnes

 

TEATERMELDINGAR

“@Ragnarok08 er et spennende stykke, og det var morsomt å kunne være med å bestemme hva som skjedde på scenen.”

ungestemmer.no

"Limet som holder det hele sammen er Kornelia Melsæter i rolla som pizzabud-til-borgerrepresentant Kim - som med god komisk timing veksler mellom å belaste og avlaste alvoret."

Klassekampen


Kunstnarleg lag

Regissør Philipp Stengele
Dramatikar og dramaturg Cecilie Grydeland Lundsholt
Visuelt uttrykk Philipp Stengele
Videodesignar Anders Nybø
Komponist og lyddesignar Viljar Losnegård
Lysdesign ved Magne Gjeraker, Philipp Stengele og Anders Nybø
Interaksjonsteknikar Kristoffer Nicolaysen
Omsetjar Eva Dobos
Medverkande Carina Furseth, Peder Lauvås, Idun Losnegård og Kornelia Melsæter


Produsert av Teater Vestland til 1000- årsjubileet Moster 2024.