TOLLAK TIL INGEBORG

 

Foto: David Zadig

Nynorsken har fått ein ny klassikar - Bergens Tidende

Sterke skuespillere bærer en bekmørk forestilling som truer med å synke inn i skyggene - Dagsavisen

Vi kjenner alle ein Tollak. Slik vi ser han på scena, kjenner vi han i oss sjølve og i kvarandre
- Norsk Shakespearetidsskrift

Mørk og dirrande, med ein god hovudrolleprestasjon - NRK

Dei kallar han Tollak til Ingeborg. Alle veit om den gamle stabukken som bur oppe ved sagplassen. Alle veit at ungane hans ikkje kjem heim så ofte. Alle veit han tok til seg han dei kalla Oddotosken. Og alle hugsar den gode kona hans. Men det er noko folk ikkje veit. Det er på tide å fortelje.


Lesarane og kritikarane vart vilt begeistra då Tollak til Ingeborg av Tore Renberg kom i 2020. Historia om stabeisen Tollak rører folk over heile landet, og romanen er selt i over 70 000 eksemplar. No kjem sceneversjonen, dramatisert av forfattaren sjølv. Fem skodespelarar står på scena i dette mørke og intense familiedramaet om kjærleik og blodsband, om vald og avmakt, og om forskjellen mellom alen furu og billeg gran.

Regien for sceneversjonen er ved Miriam Prestøy Lie, som har markert seg med ei rekke kritikarroste framsyningar. Dette vert det fjerde samarbeidet hennar med bergenskomponisten Selma Stang, som har gjort suksess med sitt samarbeid med Aurora. Det visuelle universet vert skapt av scenograf Milja Salovaara og lysdesignar Martin Myrvold. På scenen møter du Kyrre Eikås Ottersen, Andrine Sæther, Malene Wadel, Harald Ottesen Nødtvedt og Sebastian Biong.

Tollak til Ingeborg er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Riksteatret. Urpremieren er Teater Vestland si opningsframsyning i Nynorskhuset i Førde, og stykket skal på turné i heile landet.

 

PRESSEFOTO

Foto Magnus Skrede

 

Teatermeldingar

Det er Tollaks fortelling. Og det er Kyrre Eikås Ottersens stykke.“I 90 minutter står, ligger, drikker, kaver og raver han på scenen, og skaper et mannsportrett til å tro på, til å vemmes og irriteres over, men også til å føle medynk med. Vi har alle møtt en Tollak, selv om denne vestlandsfanden-varianten er striere enn de fleste.Dette er en voksen skuespillers kraftrolle med et materiale som rommer et bunnløst mørke, men likevel nyanser. De ligger i blikket, som svart raseri, pisket sorg og forferdelse over sine egne gjerninger. Men også i kroppen, som i likhet med Andrine Sæthers finstemte fysiske spill favner et helt liv." - Dagsavisen

"Ei fjerde innsirkling finst i stadane, levemåten og identiteten vår. Tollak kjem frå ei tid, då det sirkulære stod sterkare enn det lineære. Framleis er vi søner og døtre av bønder og fiskarar i dette landet. Vi kjenner alle ein Tollak, og når framtida fløymer inn over oss fortare enn vi kunne frykte, vert desse innsiktene av vesentleg verdi, på nytt." - Norsk Shakespearetidsskrift

Vestlandsboka selde 70.000 eksemplar. Teaterstykket burde kunne selje like mange billettar. Vestland har fått eit nytt teaterhus – og nynorsken ein ny klassikar. 
- Bergens Tidende

Eg stiller meg bak. – Eg trur det er vanskeleg å forstå kor stor prestasjonen til Kyrre Eikås Ottersen er, skriv Øystein Silde Frønsdal. - Firda

Tollak til Ingeborg er ei heilstøypt framsyning med knallgode karakterar og musikk som lindrande motvekt til alt det vonde. - Scenekunst.no

 
 
 
 

KUNSTNARLEG LAG

Forfattar og dramatikar Tore Renberg
Regissør Miriam Prestøy Lie
Scenograf og kostymedesignar Milja Salovaara
Lysdesignar Martin Myrvold
Komponist og lyddesignar Selma Stang
Musikalsk medprodusent Odd Martin Skålnes
Koreografisk assistanse Kristin Ryg Helgebostad
Språkkonsulentar Terje Lyngstad og Eldbjørg Lognvik
Produsent Silje Vigerust Vinjar
I rollene:
Kyrre Eikås Ottersen
Andrine Sæther
Malene Wadel
Sebastian Biong
Harald Ottesen Nødtvedt