TORN & ROSE I EVENTYRLAND

 

Fotograf: Bjørn Leirvik | Digital illustrasjon: Catia Gabriele/Morgana

 

Krise! Eventyrland har begynt å miste magien sin, og det er like før det er snipp snapp snute for alle dei underfulle skapningane som bur i landet bortom stjernestøvet.

For å vekke opp att folk sin kjærleik for eventyr inviterer Torn og Rose publikum til omvising i Eventyrland for aller første gong!

Etterkommarane etter ein av Eventyrlands mest kjende dronningar har planlagt ein morosam og actionfylt dag i Torneroseslottet, men underlege ting begynner å skje. Saman med publikum må Torn og Rose kjempe sitt livs kamp for å redde Eventyrland.

På vegen støyter dei på gode feer, alvedronningar og magiske havskapningar - og kanskje til og med ein heilt levande drake?

Dei eldste teatertriksa i boka blir blanda med den aller nyaste teknologien for å gi publikum ei teateroppleving Europa aldri har sett maken til. Trur du ikkje på drakar og feer frå før, kjem du garantert til å gjere det når framsyninga er ferdig!

 

Passer for alle modige eventyrarar frå 6 til 100 år.
Framsyningslengd: ca 70 min


Familieframsyninga er produsert av Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt.

Ei oppleving for sansane

Grensa mellom verkelegheita og den simulerte verda blir mindre tydeleg når ein dykkar inn i ei anna verd visuelt, akustisk eller ved rørsle.

I Auka Røynd (Augmented Reality/AR) legg ein virtuell informasjon og objekt over den verkelege verda. Ein utvidar verkelegheita med digitale detaljar som bilde, tekst og animasjon, gjort tilgjengeleg gjennom AR-briller eller via skjermar, nettbrett og smarttelefonar. Publikum blir ikkje isolerte frå røyndommen, men samhandlar og ser kva som skjer framfor dei.

Døme på AR kan vere Pokémon GO-spelet, som simulerer digitale skapningar i den verkelege verda, og i Snapchat har du kanskje trylla fram hattar eller briller i ansiktet ditt? Det er bruk av Auka Røynd!


FRAMSYNINGSFOTO

Foto: Jan von Holleben // Espen Nytingnes

Teatermeldingar

Tekno-teater: Torn og Rose i en utvidet virkelighet

Det er utvilsomt en forestilling på barnas premisser, de er høykompetente på det visuelle, de kan sin gaming og er gode på å orientere seg visuelt. - Periskop.no

Når såg du sist ein lys levande drake på ei teaterscene?

Ein veldig fin halvannan time med underhaldning for dei minste, og ikkje så reint få av dei vaksne. - Firda

Ei heilt ny og spannande teateroppleving

Mannen i 40-åra ved sida av meg var i alle fall vilt begeistra. - Scenekunst.no

Her er det tryllestøv i sømmene

Kostymene er nydelige og spiller på lag med scenografien. - Rana Blad

Frisk forsmak på framtidens barneteater

Ungene i salen - både store og små - koser seg og er helt med. - Rana No

Litt av alt og alt i eitt

 

UTMERKINGAR

Teater Vestland og Nordland Teater vant Norsk publikumsutvikling sin pris i kategorien «fornyar» for arbeidet med teater og ny teknologi. Resultatet av deler av dette arbeidet ser publikum i framsyninga Torn & Rose i Eventyrland.

VRINN AWARDS - Arts and Culture og Juryen sin spesialpris

Torn & Rose i Eventyrland vann heile to prisar i den årlege VRINN Awards under konferansen Nordic VR Forum på Hamar i november. Både i kategorien Arts and Culture og - ikkje minst - juryen sin spesialpris. Det er ei anerkjenning av det "umoglege" Teater Vestland og Nordland Teater har fått til med denne framsyninga og ei stor ære. VRINN Awards er for spel- og XR-bransjen det Heddaprisen er for teater; den største og viktigaste bransjekåringa.






Medverkande

Kunstnarleg lag

Dramatikar og regissør Cecilie Grydeland Lundsholt
Scenograf og kostymedesignar Birgitte Strid
Dramaturg Kristian Lykkeslet Strømskag
Komponist Johann Prell
Lyddesignar/Foley artist Yvonne Stenberg
Prosjektleiar, Storyline Studios Vidar Grande
Lysdesignar Vegar Angel Andreassen
Videodesignar David Lejard-Ruffet
Produsent Anders Nybø 
Prosjektleiar, Glitch Studios Sami Hamid
Animatør Cenk Koksal 
AR-utviklarar Onat Döker, Hasan Ulaş Sarikaya 
Teknisk rådgjevar, ARShow Isaac Barel
Produksjonsrågjevar, ARShow Sasha Kreindlin
AR-teknikar Joe Even Maribo Bråtane
I rollene Carina Furseth, Peder Lauvås og Idun Losnegård, turné i Nordland Linda Brean Mathisen.

 

Prosjektet er støtta av