SYSTRENE BRUNS TEATERBINGO

Systrene Bernhardine og Catharine inviterer til bingo under opninga av det nye teaterhuset i Førde!

Dei har sjølve vore fast inventar på bingo i ungdommen, og no skal dei med iver og glød vere vertskap for Teater Vestland sin fyrste bingokveld. Systrene lovar god musikk, låg terskel for skratt og småprat og, ikkje minst, premiar du aldri kunne drøymt om.

Velkommen til teaterbingo – ein kveld du seint vil gløyme!

Konsept: Cecilie Grydeland Lundsholt
Regi: Cecilie Grydeland Lundsholt saman med ensemblet

MEDVERKANDE