OPNINGSHELG I NYNORSKHUSET

 

Tollak til Ingeborg er Teater Vestland si opningsframsyning i Nynorskhuset. Lesarane og kritikarane vart vilt begeistra då boka av Tore Renberg kom i 2020. Historia om stabeisen Tollak rører folk over heile landet, og romanen er selt i over 70 000 eksemplar. No kjem sceneversjonen, dramatisert av forfattaren sjølv. Fem skodespelarar står på scena i dette mørke og intense familiedramaet om kjærleik og blodsband, om vald og avmakt, og om forskjellen mellom alen furu og billeg gran. Tollak til Ingeborg er produsert av Teater Vestland og Riksteatret.


NASJONAL SPRÅKKONFERANSE -NYNORSK I RAMPELYSET

Korleis er det å vere nynorskbrukar og drive med formidling og stå i rampelyset i 2023? Det er det store spørsmålet på språkkonferansen "Nynorsk i rampelyset". Profilerte nynorskbrukarar frå norsk media, litteratur og kulturbransje kjem for å fortelje om opplevingane sine, og vi får presentert resultata frå ei rykande fersk undersøking som tar temperaturen på statusen for nynorsken. Konferansierar er Arianrhod Engebø og Harald Thingnes, og arrangørar er Teater Vestland, Nynorsk Avissenter og NRK Nynorsk mediesenter.

LINDA EIDES SPRÅKSJOV

Med stor suksess har Linda Eide hylla og tulla med språk i beste sendetid på NRK. No er ho klar for å gi publikum i Nynorskhuset i Førde ein spesialversjon av Eides Språksjov. Ho har sjølvsagt med seg både Sjur Hjeltnes på tangentane, språkprofessor Gunnstein Akselberg og Halvor Folgerø med fagotten sin. Her blir det fare for både humor, gjester og musikalske innslag i den splitter nye teatersalen.

SYSTRENE BRUNS TEATERBINGO

Systrene Bernhardine og Catharine inviterer til bingo under opninga av det nye teaterhuset i Førde. Dei har sjølve vore fast inventar på bingo i ungdommen, og no skal dei med iver og glød vere vertskap for Teater Vestland sin fyrste bingokveld. Systrene lovar god musikk, låg terskel for skratt og småprat og, ikkje minst, premiar du aldri kunne drøymt om. Velkommen til teaterbingo – ein kveld du seint vil gløyme! Ikkje besta sin bingo.

NRK SUPER FAMILIESHOW

Opplev NRK Super sitt show der kjende programleiarar dansar, syng og leikar saman med publikum. Showet utfordrar sansane og har eit spesielt fokus på å utforske spennande lydar. Publikum får ta del i konkurransar, quiz, song og dans. Og kven veit, kanskje nokre må lide seg gjennom Daidalos sin nådelause slimstraff. Fantorangen dukkar sjølvsagt også opp!

KONSERT MED SYNNE VO


Lykke te, heime og ei venleg helsing. Du har garantert hatt låtane hennar på hjernen! Ho er framleis innlogga på viaplay-kontoen til eksen, heiter Synne Vo og kjem til Førde! 22-åringen har vore lista på NRK P1 og P3, og blitt nominert til Årets nykommar (2021) og Årets artist (2022) på P3 Gull. Ho har tatt tatt det norske folk med storm, og er klar for fleire av dei største festivalane i løpet av sommaren. Men det blir berre oppvarminga! For i haust skal artisten servere deg ein eksklusiv konsert under opningsdagane i Nynorskhuset. Det blir både konsert for vaksne og ein eigen konsert for dei under 18 år.