Den heilage kua - om å føde ein nordmann

GJESTESPEL I NYNORSKHUSET

 
 
 

Er du sikker på at vatnet gjekk?
Det er eit spørsmål som møter alle kvinner, norske og innvandrarar, som blir lagt inn på norske sjukehus for å føde.
Er du sikker?

«Den heilage kua – om å føde ein nordmann» er ei humoristisk og poetisk forteljing om ei innvandrarkvinne sin integreringsprosess, gjennom eit blikk på fødsels- og barselsopplevinga henner i Norge. Historia handlar om morskap og fødselsomsorg, om fellesskap og likestilling, om språk og resonans, om identitet, feminisme og integrering.

Etter å ha leke fostervatn i fleire dagar skrik ho til legen: “Du behandlar meg som ei ku”. Og så begynner ho å forvandle seg til ei ku.

Framsyninga varer i ca. 50 min.

 
 
 
 

Roseane Dos Reis er ein særs spanande og skapande scenekunstnar med ei unik stemme i norsk teater. I framsyninga “Den heilage kua” vil Dos Reis behandle fordommar og stereotypiske haldningar som finst i det norske samfunnet kring utanlandske kvinner, og målet er å skape ei mangefasettert framsyning som diskuterer likestilling frå ein innvandrar sitt eige synspunkt.

 
 

KUNSTNARLEG LAG

Av og med Roseane dos Reis
Scenografi Gabriela Melo Larsen
Kostyme Dalita Antunes
Lysdesignar og teknikk Stein Ove Øygardslia
Komponist Anderson Roma
Rekvisitør Ana Paula Torres
Medverkande skodespelar Karin Stautland
Ytre auge Jeff Pedersen
Co-produsent Ingrid Saltvik Faanes