REPERTOARSLEPP 2024

Teater Vestland ønskjer velkommen til repertoarslepp av teaterprogrammet for 2024!

Torsdag 7. desember kl. 11.30 samlast i vi i Nynorskhuset i Røyst mat & vin, og teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt losar oss igjennom repertoaret for teateråret 2024. Her får vi møte regissørane for produksjonane som skal på teaterscena i 2024 og høyre nokre av deira tankar om framsyningane som dei skal skape.

Arrangementet er gratis, men det er sjølvsagt høve til å handle mat i restauranten om ein ønskjer noko anna enn julekaker, gløgg og klementin til lunsj.

Det vert høve til å kjøpe billettar etter presentasjonen om ein ønskjer å ha med seg ei julegåve eller to heim att.

Velkommen!