Hundemanuskripta

 

GJESTESPEL I NYNORSKHUSET

Hundemanuskripta er ei tekstsamling av Jon Fosse, som kom ut i 1995, 1996 og 1997, og inneheld tre tekstar om tre hundar. På scena møter du skodespelar Sigmund Njøs Hovind som får tonefølge av musikar Arne Toivo Fjose.

I siste tekst, “Fy å fy” vert me kjend med skipshunden Haktor. Han har alltid levd eit sorgfritt liv om bord på eit frakteskipet Havsula, saman med eigaren sin Skipper Moreld. Men no vil skipper Moreld skaffe endå ein skipshund om bord. Og kanskje til og med ei tispe. Dette er noko av det verste han har høyrt.

Tekstane er umiskjenneleg Fosse. Dei er underfundige, humoristiske og formsterke. Dei er også djupt menneskelege, sjølv sett frå hundekorga.


Av Jon Fosse
På scena Sigmund Njøs Hovind
Musikar Arne Toivo Fjose
Idé og konsept Frøydis Århus

Framsyninga er produsert av Det Vestnorske Teateret