ENGELEN FRÅ KOBANE

Sogn og Fjordane Teater /Teater Vestland “Engelen frå Kobane “ - Angel by Henry Naylor
 

Engasjerande og hyperaktuelt om kor sårbart det er å vere ei ung kvinne i den pågåande konflikten i Syria.  


I 2014 dukka det opp bilde av ei ung, militærkledd, kurdisk jente i sosiale medium. Ho heitte Rehana og var jusstudent. Bildeteksten fortalde at jenta skulle ha drepe over 100 IS-soldatar i dei harde kampane som den kurdiske motstandsbevegelsen (YPG) utkjempa i grensebyen Kobane. Bilde av Rehana vart delte fleire tusen gonger, og ho fekk tilnamnet «Angel of Kobane». 

Historia om Rehana er ei fiksjonsforteljing, basert på ein myte. Men alt har skjedd – og skjer framleis i verda i dag. Rehana vert stilt overfor umenneskelege val i krigen som har skapt vår tids største humanitære tragedie, der halve befolkninga er driven på flukt. 

«Engelen frå Kobane» er skrive av den britiske dramatikaren Henry Naylor og er siste del av hans trilogi om konfliktane i Midt-Austen. Stykket har vunne fleire prisar og fått strålande kritikkar. 

Engelen frå Kobane vart nominert til Heddaprisen i kategorien Beste framsyning for ungdom i 2019.

Terningkast 5 i BT og BA!
Bergens Tidende: Madalena Sousa Helly-Hansen levendegjør «Engelen frå Kobane»  på et svært menneskelig vis» 

Bergensavisen: «Sterkt bilde av en enslig krigssjebne» 

Periskop.no: «Engelen frå Kobane evner å tegne et svært virkningsfullt portrett av Syria-krigens virkelighet med et minimum av virkemidler. Det skjer nesten utelukkende gjennom skuespiller Madalena Sousa Helly-Hansens kropp og stemme i rollen som Rehana, en ung kvinnelig soldat i den kurdiske motstandsbevegelsen, People’s Protection Units (YPG).»

Norsk Shakespearetidsskrift :  «Enhver som kjenner til Syriakrigen vil gjenkjenne de ulike scenariene Engelen frå Kobane skildrer. Barn og unge jenter som holdes som sex-slaver, menneskesmugling, offentlige henrettelser på åpen gate til skrekk og advarsel for de som ikke bøyer seg for IS, eller de som profitterer på krig som oljehandleren i forestillingen. Alle karakterene blir samvittighetsfullt spilt av Madelena Sousa Helly-Hansen. Forestillingen er en monolog fra forfatterens side. Helly-Hansen spiller denne forestillingen med en stadig økende intensitet, i takt med hendelsesforløpet.» (Abo – artikkel).

 Dag og Tid: «Rått og sterkt»  «Intenst og nærgåande om krigsgalskap»

Teaterungdom.no: "Helly-Hansen er ei sjokkbølgje og ei stjerne"

 

Foto: Thor Brødreskift 
Fotomontasje: Heidi Fjell 

 

KUNSTNARLEG LAG

 
 

Original tittel: «Angel» 
Av: Henry Naylor  
Omsetjing: Elise Risnes Eikevik 
Regi og visuelt uttrykk: Miriam Prestøy Lie 
Med: Madalena Sousa Helly-Hansen
Lys: Jon Eirik Sira 
Teaterforlaget Nordiska ApS 

Samproduksjon mellom Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater. 

Framsyninga vert synt i Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane, og med støtte frå Folkeakademiet.

 
Facebook_blaa_SF_Den_kulturelle_skulesekken_Logo_cmyk.jpg
m-0-logo-rgb-500px (002).png
 
 

ENGELEN FRÅ KOBANE

ANGEL AV HENRY NAYLOR