Kulturkafé: Kvinner i krig

 

Før framsyninga «Engelen frå Kobane» vert det kulturkafé der professor Kariane Westrheim er invitert til å fortelje om "Kvinner i krig".

18. oktober kl 18.00-18.40 Flora Folkebibliotek
19. oktober kl 17.00-17.40 Førde bibliotek

Samstundes med at «Engelen frå Kobane» legg ut på turné i Sogn og Fjordane, fekk framsyninga fornya aktualitet. Dessverre. Tyrkia rykte inn i Nord-Syria i ein militær operasjon mot dei kurdiske militsane. 

Kariane Westrheim.uib-portretter031.JPG

Professor Kariane Westrheim forskar på utdanningstenking i politiske rørsler og har fleire gonger besøkt YPJ, kvinnehæren som Rehana i «Engelen frå Kobane» sluttar seg til. Før framsyninga kjem Westrheim for å fortelje om sterke møte med desse unge kvinnene som er blitt sjølve symbolet på samhald og motstand. Dei blir ofte omtalte som «medieyndlingar», og bilde av dei har gått viralt. 

 

Då regissør Miriam Prestøy Lie jobba med teksten til «Engelen frå Kobane», var det med ein ambisjon om å sette seg inn i bakgrunnen for krigen i Syria og det kurdiske folkets historie. Kariane Westrheim var ein av dei som bidrog med innsikt og hjelpte henne i prosessen. 


Arrangementa er gratis i samarbeid med Rom for ord, Førde bibliotek, Flora Folkebibliotek, Førdehuset og Flora samfunnshus.