Engelen frå Kobane

 
Foto Thor Brødreskift

Foto Thor Brødreskift

I 2014 dukka det opp eit bilete av ei ung, militærkledd, kurdisk jente i sosiale medium. Ho heitte Rehana og var jusstudent. Bildeteksten fortalde at denne jenta skulle ha drepe over 100 IS-soldatar i dei harde kampane som den kurdiske motstandsbevegelsen (YPG) utkjempa i grensebyen Kobane. Bildet var delt fleirfaldige tusen gonger og gjekk viralt. Jenta fekk tilnamnet «Angel of Kobane».

Foto: David Zadig

Foto: David Zadig

- Historia om Rehana er ei fiksjonsforteling, basert på ei moderne myte, som har ein kime av sannheit i seg. Ho blei eit symbol på motstandskampen.

Det seier Miriam Prestøy Lie. Det er ho som har regien på «Engelen frå Kobane», skrive av den britiske dramatikaren Henry Naylor. Stykket er ein samproduksjon mellom Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater. Framsyninga hadde premiere i Bergen i fjor haust og hausta gode tilbakemeldingar, og til hausten får vi endeleg sjå framsyninga i Sogn og Fjordane.

Moderne idear om likestilling

- Sjølv så var eg mindre kjend med den kurdiske motstandskampen. Noko av det som er som er spesielt med den, er at den er veldig sterkt drive av kvinner. Svært mange av dei kurdiske soldatane er kvinner. Dei har veldig moderne idear om kva demokrati og likestilling kan vere. Eg opplever den historiske, kurdiske frigjeringskampen som langt meir framme, enn den likestillinga vi snakkar om her heime. Der er damene ute og slåst, medan mennene ordnar heime. For meg er dette eit av aspekta som gjer dette til ei veldig interessant forteljing, fortel Miriam og legg til:

- Eg kjenner at vi har eit ansvar i verda for å prøve å forstå den komplekse situasjonen deira, og det var også litt av motivasjonen min for å jobbe med denne teksten. Vi gjorde mykje gransking i forkant, det var viktig for meg å kjenne at eg hadde ryggdekning til å dykke ned i dette stoffet, og for å klare å forstå konteksten, forklarar ho engasjert.

Sterke dilemma

«Engelen frå Kobane» vert spelt i klasserom med bord i midten og publikum som sit rundt. På denne måten kjem ein tett på historia:

- Eg hadde lyst å lage ei framsyning som kunne spelast i klasserom for å ta historia heilt heim til ungdommen, men samtidig skape ein altomsluttande illusjon. Tanken min var at Rehana kunne ha vore ei som satt i norske klasserom i dag. Du kjem tett på og slepp ikkje unna dei vonde og konfronterande scenene, seier Miriam før ho legg til:

-Det er likevel viktig understreke at det også ligg mykje humor og varme her. Ein blir veldig glad i karakteren Rehana, som står overfor veldig tydelege og sterke dilemma. Det er ein karakter der du verkeleg følgjer henne i utviklinga frå å vere ein idealist, som trur på rettferd, til å bli noko heilt anna. Det seier noko om kva ein krigssituasjon gjer med eit menneske.

Heddanominasjon

Denne veka vart det klart at «Engelen frå Kobane» er nominert til Heddaprisen for «beste framsyning for ungdom». Teatersjef Bodil Kvamme er veldig stolt av at Sogn og Fjordane Teater, saman med Hordaland Teater, er nominert for denne framsyninga:

– Vi gjorde ei modig kunstnarleg satsing når vi bestemte at vi skulle oppsøke ungdomane der dei er, og at framsyninga skulle spelast på skulane i klasserom, seier Kvamme.

Dei to damene som står bak denne framsyninga vert løfta fram av teatersjefen:

– Regissør Miriam Prestøy Lie har har ein konsekvent regi, og har med små verkemiddel klart å lage store effektar. Skodespelar Madalena Sousa Helly-Hansen, som spelar alle desse ulike karakterane i framsyninga, presenterer dette på ein svært nær og engasjerande måte. Resultatet har blitt ei tett og intim framsyning for ungdom, seier teatersjef Kvamme.

Også teatersjef ved Hordaland Teater, Solrun Toft Iversen er stolt:

- Eg er så stolt over det kunstnarlege motet i denne framsyninga. Madalena er ein sterk skodespelar som står fjellstøtt i ein heilt ekstraordinær nærleik til publikum og den historia ho formidlar. Ekstra stas er det at samarbeidet mellom henne og instruktør Miriam Prestøy Lie no vert anerkjent med denne gjeve nomineringa, avsluttar ho.

«Engelen frå Kobane» skal visast 14.- og 15. juni på Heddadagene i Oslo og har premiere i Sogn og Fjordane 14. oktober. Speleperioden går fram til 9. november.