Miriam si forteljing - Juleevangeliet

Teater Vestland - Miriam si forteljing, juleevangeliet. Originaltittel: “Mirjam, ammen” av Håvard Rem.

   Foto: Oddleiv Apneseth

 

25. november er det nypremière på Miriam si forteljing - Juleevangeliet.

Å levandegjere ei historie som kanskje ikkje er levande for oss lenger. Dette var eitt av forfattar Håvard Rem sine ønskje, då han bestemte seg for å gjenfortelje sjølvaste juleevangeliet med ei heilt ny stemme som utgangspunkt.
 

I Håvard Rem sin tekst er det Miriam, søstera til Josef og ei kvinne av folket, som fører ordet. Gjennom henne kjem ein ikkje berre tett innpå menneska og omstenda rundt Jesu fødsel, men også dei urolege og spente tidene desse menneska levde under. For også på den tida var det store spenningar mellom Europa og Midtausten.

Miriam si forteljing - juleevangeliet, er eit forsøk på ei meir jordnær tilnærming til denne fasinerande historia som på ein måte pregar heile vår kultur, og kanskje er det viktigare enn nokon gong å lytte til ei stemme frå historia, noko juleevangeliet nettopp er.

 

 

Av Håvard Rem
Omsetjing Asbjørg Lotsberg
Regi Marit Østbye
Lysdesignar Krystian Myska
Medverkande Idun Losnegård

 

 

Avisa Firda om premièren i 2016:

«Det viste seg å vere ei overraskande potent innsprøyting med julestemning, formidla med sjeldan god overtyding.»… «I 50 minutt held ho på, éi dame, éin monolog. Ho fortel levande om alt ho har på hjartet, ho brukar humor, blir sint, kjem på ting undervegs og sporar stadig av.»… «Dei historiske rammene smyg seg inn, men kjem i bakgrunnen av dei menneskelege betraktningane til Miriam. Og dette er grunnen til at det heile fungerer.»

«Miriam slår deg fort som ei over snittet kvikk dame. Skodespelaren Idun Losnegård må også seiast å vere av det ressurssterke slaget, når ho leverer 50 minutt tettpakka med ord, ansiktsuttrykk og kroppsspråk, utan å på noko tidspunkt å vise teikn på at hugset sviktar. Det kan hende det gjorde det, men i så fall fekk ho det til å sjå naturleg ut.»… «Ei slik framsyning vil alltid stå og falle på innlevinga til skodespelaren, og Losnegård leverte med glans.» …. «Dette er eit suverent alternativ for å få årets julestemning.»

Les heile teatermeldinga frå Firda HER (+)


Artikkel

 
 

Fotogalleri “Miriam si forteljing, juleevangeliet”

 
 

Foto: Oddleiv Apneseth

JULEEVANGELIET, MIRIAM SI FORTELJING

MESSIAS | Tre monologar av Håvard Rem | del 1: Mirjam, ammen