"Feleflaum og sogestraum"

 
Foto Thor Hauknes

Foto Thor Hauknes

Laurdag 25. november presenterer Sogn og Fjordane Teater "FELEFLAUM OG SOGESTRAUM" på Bornas verdsdagar Førde. Dette er ein leiken og stemningsfull forteljarkonsert. Her får du møte jenta som spelar i huldrebryllaup og andre gamle eventyrskattar frå Vestlandet. Forteljingane vert fletta saman med musikk og song til ei heilskapleg oppleving for små og store. 

Tidspunkt: kl: 13.30 og 15.00.
Framsyninga høver frå 5 år og oppover.
Framsyninga varer i 35 minutt.

Foto Eyolf Dale

Foto Eyolf Dale

Medverkande:

Hanne Oftedal (forteljing og vokal) har fordjupa seg i tradisjonell forteljarkunst. Ho er ein forteljar som med varme og engasjement formidlar eventyr for born, unge og eldre.

Gro Marie Svidal (hardingfele og vokal) er ein av våre mest anerkjende og virtuose folkemusikarar med lang erfaring i sceniske produksjonar. Mange hugsar ho frå teaterstykket "Den velse Prinsen"
 

 

Bornas verdsdagar Førde

I november kvart år arrangerer Førdefestivalen familiefestivalen Bornas Verdsdagar Førde. Under mottoet "oppleving gjennom deltaking" fyller Førdefestivalen og samarbeidspartar Førdehuset med mini-verkstadar og aktivitetar for born i alle aldrar. På mini-verkstadane får born synge, danse og spele ulike instrument under leiing av profesjonelle instruktørar. Verkstadane varer i 20 minutt, og dei går kontinuerleg dei timane Bornas Verdsdagar Førde varer, slik at dei som kjem på arrangementet, får høve til å prøve seg på alle. Verkstadar og aktivitetar er gratis, og alt skjer i samarbeid med Førde kommune, og skular og barnehagar i Førde. Alle aktivitetane er gratis!

Stad: Førdehuset
Dato: 25. november
Tidspunkt: 12:00-16:00