100 SONGAR

Teater Vestland - 100 Songar ( 100 SONGS - Roland Schimmelpfennig)
 
 
 
 
 

100 SONGAR NORGESPREMIÈRE

Eit kjærastepar flørtar med kvarandre, og ei kvinne kjem springande for å rekke toget. På stasjonskafeen skiftar musikken frå «Don’t dream It’s over» til «Bette Davis’ Eyes», og gjennom glasruta møter servitør Sally blikket til ein framand. I det same glepp ein kopp ut av hendene på henne. Den går i knas mot golvet, og verda står i brann.

«100 songar» tar for seg ein periode på fire minutt og fire sekund, frå folk stimlar saman på perrongen klokka 08.51, og til toget går opp i flammar like etter at det har forlate stasjonen klokka 08.55.

Til ein rytmisk struktur av ulike songar blir historia snurra tilbake til minutta og natta før det smell. Dei reisande fortel om livsviktige møte som dei har hatt, om draumar og om songane som får dei til å nynne i morgontrafikken. Alle har sin eigen melodi på leppene, fram til klokka blir fem på ni, og stemmene deira eksploderer i ein kakofoni.

«100 songar» er eit rekviem som handlar om døden, men snakkar om livet. Roland Schimmelpfennig løftar fram historiene til ei rekke tilfeldig forbipasserande. Han er utan tvil ein av dei mest tonegivande dramatikane i vår tid, spelt over heile verda, og vi er umåteleg stolte av å ha norgespremiere på «100 songar».

Framsyninga vert spelt i «black-box» som har eit avgensa tal plassar. Det er kun plass til 60 stk på denne intimframsyninga.


TEATERMELDINGAR 100 SONGAR

Men songane har vi felles

…en enkel, men varm og musikalsk drevet forestilling om menneskeskjebner og livets lydspor når alt går opp i flammer.

Ein “smeltedigel” av menneskelagnadar

Det vesle, store sårbare livet

 

BILDEGALLERI 100 SONGAR

Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as

 

100 SONGAR - KUNSTNARLEG LAG

AV Roland Schimmelpfennig
OMSETJING Tove Bakke
REGISSØR OG VISUELT UTTRYKK Terje Skonseng Naudeer
LYSDESIGN Krystian Myska
LYD Robert Tomkiewicz
KOSTYMEANSVARLEG/REKVISITØR Synnøve Ringdal
SCENEKAMPINSTRUKTØR Jeff Pedersen
BEVEGELSESKONSULENT Emily Read
INSPISIENT Christina Schwanitz
Colombine Teaterforlag



MEDVERKANDE 100 SONGAR

 

100 SONGAR

100 SONGS / 100 SÅNGAR AV ROLAND SCHIMMELPFENNIG