PODKAST Bak maska: Tech-teater der publikum får styre skodespelarane

I @Ragnarok08 blir publikum utstyrte med kvar sin mobiltelefon, der dei får informasjon og dessutan stemmer over kva retning handlinga skal ta. Det set enorme krav til dei teknologiske løysingane, og i arbeidet med framsyninga har Teater Vestland utvikla ein app frå scratch for å få alt saman til å fungere saumlaust.

«Ein ideell symbiose mellom bilde og lyd i ein minimalistisk scenografi», seier videodesignar Anders Nybø i denne episoden av podkasten Bak maska. Med seg i studio har teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt dessutan komponist og lyddesignar Viljar Losnegård og regissør Philipp Stengele.

Podkasten vår har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar. Du kan høyre podkasten på Spotify også.

Heidi Hattestein