— Eg må skrive på nynorsk for å skrive best mogleg

 

Det seier Brynjulf jung Tjønn. Ein kort periode i forfattarskapen sveia han innom bokmål og måtte tole uvanleg dårlege meldingar. Han er for lengst tilbake i språkdrakta frå oppveksten.

Brynjulf Jung Tjønn står bak diktet Barnet i skogen som slyngjer seg oppover trappa i foajeen i Nynorskhuset i 24 trinn og 24 linjer.

27. februar vart verket avduka. Det var stinn brakke av folk som var komne for å høyre forfattaren i samtale med biblioteksjef Jorun Systad, og dessutan høyre han lese verket høgt.

I ein alder av 43 har Brynjulf Jung Tjønn markert seg som ein av dei mest produktive forfattarane frå denne regionen. Han skriv for alle aldrar og etter kvart også i alle sjangrar: Skjønnlitteratur, dramatikk, dikt, sakprosa - og no også ord som kunst.

— Trappeteksten i Nynorskhuset er eit av dei kjekkaste oppdraga eg nokosinne har fått, seier forfattaren.

Han skriv ofte om møte med dyr, gjerne i ein skog, og om det einsame barnet som ikkje finn sin eigen plass og søker trøyst eller omsorg. Dessutan liker han det uavklarte, mystiske og magiske. 

To av romanane er dramatiserte her ved teateret: Så vakker du er (2016) og Alt det lyse og alt det mørke (2019). Kvar dag skal vi vere så modige frå 2021 fekk P2-lyttaranes gjeve romanpris, og fjorårets diktsamling Kvit, norsk mann har gått inn i det offentlege ordskiftet om adopsjon. 

Han bruker seg sjølv og eigne erfaringar i store delar av forfattarskapen, så også i trappeverket i Nynorskhuset. Skal han bidra til ei tolking av verket Barnet i skogen, så er det at han håper det skal følest trygt å komme inn i Nynorskhuset.

I samtale med biblioteksjef Jorun Systad kom han innom naturen han vaks opp med på ein gard i Sogn, og korleis det har tatt han lang tid å bli trygg på det vestlandske landskapet og det nynorske språket. Samtalen svinga mellom det lysaste, lette og det djupaste alvor.

Jung Tjønn vart adoptert til Noreg som 3-åring, og han veit absolutt ingenting om livet sitt i Sør-Korea før han kom hit.

— Eg får aldri svar på kva som skjedde, og det er ei slags sorg som eg ber med meg. Eg vender stadig tilbake til dei tre første leveåra i skrivinga mi, og eg skriv ofte om barn som er utsette for omsorgssvikt, seier forfattaren som understrekar at han hadde ein god oppvekst i adoptivfamilien i Sogn.

I kjølvatnet av Kvit, norsk mann har det oppstått ein offentleg samtale om adopsjon.

— Eg meiner det er ei diktsamling som har kraft i seg til å skape endring, slo biblioteksjef Systad fast i praten mellom dei to. Ho peikte også på at Jung Tjønn var innom same tematikk i boka Kinamann i 2011, men at den romanen gjekk under radaren. Og ikkje berre fordi den var skriven på bokmål.

— Ti år seinare er både eg og samfunnet meir klare, trur Jung Tjønn og nemner andre forfattarar som Camara Lundestad Joof og Abid Raja.

— Det er gitt ut fleire bøker eg skulle ønske eg hadde hatt i min eigen oppvekst, seier han og held fram:

— Eg har fått mange tilbakemeldingar frå både adopterte og adoptivforeldre som seier at Kvit, norsk mann har gitt dei ei ny forståing og fungerer som eit verktøy til å opne nokre vanskelege samtaler. Også andre med minoritetsbakgrunn kan kjenne seg igjen.

Sjølv forfattaren har fått ting i perspektiv.

— Eg trur knapt eg innsåg kor vanskeleg det var å vere adoptert frå Sør-Korea til Noreg på 1980-talet, og kor einsamt det var, før eg skreiv om det. Som adoptert er ein heilt åleine om det ein opplever, i motsetjing til andre- og tredjegenerasjons innvandrarar som gjerne har både foreldre og besteforeldre ein kan identifisere seg med. Eg hadde ingen asiatiske forbilde å sjå opp til. Dette var før K-pop og koreanske filmar slo gjennom, og i den grad eg såg asiatiske personar på TV, var dei framstilte som latterlege karakterar.

I 1999 slo drapet på indiskfødte Arve Beheim Karlsen inn som ein tsunami i det norske samfunnet. Det gjorde uutsletteleg inntrykk på Jung Tjønn som var i slutten av tenåra.

— Han var ein som meg, og no var han død.


Barnet i skogen, lese av forfattaren sjølv:

Jung Tjønn er redd for skogen og mørkret. Men i skrivinga har han eit enormt mot.

— Det har vore så viktig for meg å lukkast med skrivinga at eg har vore villig til å mislukkast også.

Gjennom heile forfattarskapen har han hatt fast jobb utanom. Men no har han sagt opp som leiar i Forfatterforeningen og skal bli fulltidsforfattar for første gong.

— No torer eg, seier han.

Verket er laga på bestilling frå samarbeidspartane i Nynorskhuset: Teater Vestland, NRK Vestland og Firda. Avdukinga var eit samarbeid med Sunnfjord bibliotek.

 
Heidi Hattestein