PODKAST Bak maska: Ein samtale med Tore Renberg om Tollak til Ingeborg

I Tollak til Ingeborg borer forfattar Tore Renberg i eit tema han lenge har hatt lyst til å ta skikkeleg i øyra: menn og vald. «Kvifor er det slik at mange av oss menn får lyst til å bruke neven», spør han i denne episoden av podkasten vår Bak maska, der han i samtale med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt snakkar om dramatiseringa og iscenesetjinga av sin eigen suksessroman.

Tollak til Ingeborg er ikkje ei idiealisert forteljing om mannen. — Viss kunst skal vere ærleg, kan ein ikkje feige ut, seier forfattaren. Her kan du lytte til episoden:

Podkasten vår har fått tittelen Bak maska, og det er nett det vi vil; komme bak det du ser ved første augekast og snakke oss varme om teateret vi elskar. Du kan høyre podkasten på Spotify også.

Heidi Hattestein