LEDIG STILLING: KOSTYMEANSVARLEG

No har vi ledig ei 100% fast stilling som kostymeansvarleg. Helst vil vi finne ein person som kan alt i heile verda, men vi har diskutert oss fram til at det ikkje er realistisk. Dersom du kjenner deg igjen i nokre av punkta nedanfor, kan det godt hende at ein av Noregs beste arbeidsplassar ventar på deg.

Teater Vestland søker etter ein engasjert, initiativrik og hyggjeleg person som kostymeansvarleg på systova. Vi leiter etter deg som har relevant utdanning og erfaring frå profesjonelt teater. Gjerne med fagbrev, men har du relevant erfaring, kan det vere jamgodt. Som kostymeansvarleg brenn du for å skape kostyme for ulike sjangrar og format. For eksempel kan du jobbe fram ulike kostyme i materiale som verken er for varmt eller for kaldt, og som tar omsyn til at kostyma skal på turné og skal pakkast opp og ned kvar einaste dag. God farge- og formsans, samt god kjennskap til ulike stilperiodar og ulike tekstilmateriale er ønskeleg. Som kostymeansvarleg må du utarbeide praktiske løysingar innan fastsette rammer i ein hektisk arbeidskvardag og overhalde tidsfristar, i periodar under tidspress. Vi ser etter ein sjølvstendig, løysingsorientert person med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Du må vere praktisk, samtidig som du er kreativ og har auge for det estetiske.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging, koordinering og gjennomføring av den daglege drifta og vedlikehald på systova og kostymelager.

  • Ansvar for driftsbudsjettet på kostymeavdelinga og kostymebudsjett på prosjekta.

  • Samarbeid med scenograf/kostymedesignar/regissør om kostyme til dei einskilde produksjonane.

  • Produksjon av kostyme etter presenterte kostymeskisser og/eller kostymekonsept (inkl. kjøp og tilpassing/justering, mønsterkonstruksjon, tilskjering, farging/patinering, søm av kostyme, kostymeprøve med meir).

  • Ferdigstilling av kostyme til turné og vedlikehald av kostyme på turné.

  • Tilverknad av scenetekstilar.

  • Variert arbeidstid med tidvis skiftarbeid, og det er ønskeleg at kostymeansvarleg ved høve er med ut på turné.

  • Fullstendig arbeidsinstruks vil innehalde meir detaljerte arbeidsoppgåver.

Vi tilbyr

  • Ein spennande, kreativ og utfordrande jobb

  • Eit hektisk, inspirerande og levande arbeidsmiljø

  • Stor tilgang på kunstnarlege opplevingar

  • Å vere med på innflytting i den nye systova i nybygget Nynorskhuset, som kostymeansvarleg er med på å organisere og innreie.

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Løn etter gjeldande tariffar i teatersektoren

For meir detaljert informasjon ta kontakt med Theodor W. Thorne, tlf 918 62 522, e-post: theodor@teatervestland.no.

Søkaren bør ha førarkort for personbil. Oppstart etter avtale.

Søknad med CV skal sendast til post@teatervestland.no innan 15. januar 2023.
Merk søknaden med SØKNAD KOSTYMEANSVARLEG.

Teateret er underlagt offentleglova.

Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane Teater) er eit av Noregs eldste og hyggjelegaste regionteater. No er vi med og byggjer splitter nye teaterlokale midt i Førde sentrum, med innflytting i mai 2023. Her får vi to nye scener, framifrå produksjonslokale og kontorplassar til alle dei kreative folka våre. I løpet av eit år har vi 5-7 produksjonar ute på vegane i heile Vestland fylke, og vi speler 200-250 framsyningar. I åra som kjem skal vi utvikle oss vidare, både i Førde og ute på turné.

Lene Grande