For eit år 2022 var!

 

Vi jobba med tekstane til nokre av Vestlandets beste forfattarar: Jon Fosse, Marit Eikemo og Jakob Sande. Vi laga humorshow med Are Kalvø. Vi produserte knakande god scenekunst for barn og unge. Vi reiste ut til vestlendingane med eit vidt spekter av framsyningar, og bransjen kom til oss då vi inviterte til teaterets første bransjetreff.   

Idun Losnegård briljerte i hovudrolla som Hanne i Gratis og uforpliktande verdivurdering. Ensemblet bestod elles av Kyrre Eikås Ottersen, Carina Furseth og Peder Lauvås. Foto: Espen Nyttingnes.

Vi starta året med Gratis og uforpliktande verdivurdering, basert på boka til Marit Eikemo, ein ‘pageturner’ om moderne, norsk kvardagsliv. Handlinga kretsar rundt eit huskjøp. Hovudkarakteren Hanne går heilt opp i lengten etter draumehuset.

“Viss dei berre får kjøpt det huset, skal ho få kontroll på rotet. Få det betre med mannen sin og bli ei betre mor.” 

 
Gratis og uforpliktande verdivurdering gjev mykje å le av og mykje å kjenna seg att i, ikkje minst fordi Idun Losnegård som Hanne gjer ei overbevisande rolle. 
— NRK
 

Losnegård gjekk vidare til ein formidabel kraftprestasjon: Heile våren stod ho på scena i to teaterstykke på éin kveld – Katteblues og Send storm - på turné langs svingete vestlandsvegar til grendehus i heile fylket. Fellesnemnaren var musikk.

I Katteblues, eit interaktivt blågraseventyr for barn og heile familien, hadde ho med seg Jakob Wyrtz på scena, og i Send storm, ein diktkonsert med Jakob Sande sine dikt og ambient elektronika, hadde ho med seg Viljar Losnegård.  Foto: Espen Nyttingnes.

 
Idun Losnegård har en påfallende stødig måte å formidle tekst på. Området rundt Førde, som er hjemstedet til Teater Vestland, og nærliggende Fjaler med sin teaterfestival, fremstår som et episenter for nyskapende scenekunst for tiden. I helgen var Losnegård igjen nøkkelperson da to oppsetninger som skal ut på på turné i Vestland, en forestilling for barn; «Katteblues», og en for ungdom og voksne, «Send Storm», hadde premiere.
— Bergens Tidende
 

Kan vi lære noko om livet av popmusikken? Are Kalvø trur det. Med seg på scena hadde han vekselvis Julie Støp Husby og Benedicte Søreng. Foto: Magnus Skrede

Endå meir musikk i øyra våre: Vi la opp til ein ønskereprise av Are Kalvø og Toppar VG-lista frå 2021. Vi sende humorshowet ut på ein vestlandsturné nummer to, til stader som ikkje fekk besøk i første runde.  

 
Det er morsomt, alt sammen, og Kalvø er enormt trygg på scenen. Glovarm i snakketøyet. Han kan rette sitt satiriske blikk mot nesten hvilket fenomen som helst, og treffe presist, men mykt. Han blir aldri slem eller vond.  
— VG
 

På scena i Lilla: Harald Ottesen Nødtvedt, Kyrre Eikås Ottersen, Idun Losnegård, Katrine Lunde Mackenzie og Rune Sæter. Foto: Espen Nyttingnes

Haustsesongen starta med Lilla av Jon Fosse. I 2021 inviterte vi regissørar til å søke med eit unikt konsept for den turnerande intimscena vår, blackboxen. 63 søknader kom inn, og eit kunstnarleg råd beståande av seks personar valde Martin Lotherington sitt konsept med premiere hausten 2022. Han lèt fem menneske i 50-åra sjå tilbake på ei dramatisk hending på ei bandøving i ungdomstida, og framsyninga var ei utforsking av korleis både vonde og gode opplevingar kan setje seg i kroppane våre.  

 
Det er som om vi skjønar meir om vår eiga plassering i verda gjennom det store i den vesle forteljinga. 
— Norsk Shakespearetidsskrift
 

Hausten heldt fram med Grevinna & hovmeisteren. I vår versjon fekk publikum TV-sketsjen slik dei kjenner den, i tillegg til masse forviklingar når to menn skulle fylle rollene som James og Miss Sophie. Julekomedien var på ein fire veker lang turné til grendehus i Vestland på turneruta vi kallar «Hus vi er glade i». Den intelligente og hysterisk morosame framsyninga pirka borti krenkesamfunnet og kva det er lov å le av i dag. 

På scena stod Harald Ottesen Nødtvedt og Peder Lauvås. Foto: David Zadig.

 
Eg trur, utan å vere heilt bastant, at dei fekk til å diskutere krenke-samfunnet utan å krenke nokon.  
— Firda
 

På scena i Raudhette og ulven: Anne Wiig, Idun Losnegård, Bård Watn og Katrine Lunde Mackenzie. Foto: Espen Nyttingnes

Vi avslutta året med å ta opp att Raudhette og ulven. Altfor få fekk med seg denne perla av ei familieframsyning då vi var på turné i pandemiåret 2021, og vi ville gi folk ein ny sjanse. Den sjansen greip dei. Meir enn 3300 personar såg framsyninga i løpet av to ein to veker lang turné til kulturhus i Vestland, samt DKS-framsyningar i Sunnfjord!  

 
Det mest påfallende ved iscenesettelsen er motet til å gå inn i både det alvorlige, groteske og farlige – og at temaene behandles på en måte som ligger tett opp til barns naturlige dramatiske lek. 
— Periskop, kritikk av kunst for barn og unge  
 

Kyrre Eikås Ottersen, heilt åleine på scena i Bondetinget. Foto: Espen Nyttingnes

Samstundes som vi var på vegen med to forskjellige stykke her heime i Vestland, var skodespelar Kyrre Eikås Ottersen på utlån til Trøndelag. Han stod åleine på scena i Bondetinget, eit to timar langt dokumentarteater om landbrukshistoria vår, av Torkil Sandsund.

Bondetinget vart ein snakkis over heile landet då vi sette det opp i 2021, og i 2022 fann vi rom til å sende det på turné både i Møre og Romsdal (med Teatret Vårt) og Trøndelag (med Turneteatret i Trøndelag) - innimellom andre roller Ottersen fylte på teateret.

 
Dette er ein krevjande monolog, der opp mot tjue personar er innom. Men Ottersen er ein god imitator, og han sjonglerer briljant mellom Berge Furre og Hallvard Eika, mellom Hitra-bonden og statsvitaren i tillegg til forteljaren og Bergo sjølv. Det slår meg forresten kor mannsdominert denne sfæren var. 
— scenekunst.no
 

Samarbeid prega både våren og hausten.  Sjå fotokarusell:

Vi arrangerte teaterskule saman med Sunnfjord kulturskule. På våren sette vi opp Teams, både skriven og framført av ungdommane, og på hausten spelte dei Prinsessa som ikkje ville vere prinsesse.

Endeleg kunne Songen ved det store djup visast igjen, etter to pandemiavlyste år. Det slitesterke samarbeidet med Kinnaspelet har stått seg gjennom snart førti år, og i 2022 fann nesten 2000 publikummarar veggen til øya Kinn.   

På hausten samarbeidde vi tett med Teaterfestivalen i Fjaler, noko som mellom annan resulterte i delt vertsskap for Kulturtanken sine fagsamtaler.

Same veka arrangerte vi på teateret dessutan kurs i dialektovergang og tidenes første bransjetreff. I veke 36 leia alle vegar til Sunnfjord og Fjaler.  

 
podcastHeidi Hattestein