Einmannsopprøret

 

Det siste året har skodespelar Kyrre Eikås Ottersen turnert med Bondetinget gjennom tre fylke og ein svipptur til Austlandet. Han står heilt åleine på scena i den to timar lange framsyninga.

Laurdag 3. desember 2022 vart trøndelagsturneen avslutta på historisk grunn på Hitra, i same gymsalen der Hitraopprøret starta i 1975. Hitraopprøret var ein skattestreik blant bønder.

 
 

Bondetinget av Torkil Sandsund er dokumentarteateret som vart ein snakkis over heile landet då Teater Vestland sette det opp i fjor.

Helge Bergo på sine eldre dagar. Foto: Privat.

Kyrre Eikås Ottersen gestaltar ei rekke historiske personar, deriblant Jan E. Mellbye, Einar Gerhardsen og ikkje minst Helge Bergo, som er ein gjennomgåande karakter i stykket. 

No avdøde Bergo såg kva som var i ferd med å skje, og han prøvde å varsle: Bøndene forsvinn, spesielt på dei små bruka, og med dei forsvinn livsgrunnlaget i bygdene.  Sidan krigen har 9 av 10 bruk blitt lagde ned.

Bondetinget dykkar ned i historia med fokus på dei dramatiske 1970-åra og inviterer til ei gransking av paradoksa mellom uttalt landbrukspolitikk og dei faktiske resultata: nedlagde gardsbruk og utarming av bygdene. Framsyninga peikar på at stortinget og Bondelaget står bak ei styrt avvikling av jordbruket.

Bondetinget vekker nasjonal oppsikt. Teateret er blitt kontakta frå alle landets fylke med spørsmål om å få framsyninga på utlån, og det har vi strekt oss langt for å få til, innimellom andre roller Kyrre har fylt i året som har gått.

Når status skal gjerast opp, ser turnerapporten til Bondetinget slik ut:

  • Hausten 2021: Turné i Vestland

  • Våren 2022: Mini-turné på Austlandet (Ås, Oslo og Hokksund) med Teater Vestland

  • Våren 2022: Turné i Møre og Romsdal med Teatret Vårt

  • Hausten 2022: Turné i Trøndelag med Turneteatret i Trøndelag


— Å avslutte på Hitra var fint. Folk kom langvegsfrå, og nokre kom for tredje gongen. Lokale bønder kom, og blant dei nokre som var med på Hitraopprøret, seier Kyrre Eikås Ottersen.

Kyrre Eikås Ottersen har gjort seg kjent med Trøndelag den siste månaden. Her møter han Åge Aleksandersen - på sokkel utanfor Rock City i Namsos (sjølvi).

Den siste månaden har Kyrre køyrt Trøndelag på kryss og tvers. Trondheimsfjorden med små bruk har mint han om Sognefjorden. Store, flate åkrar i indre Trøndelag har understreka kor forskjellig Trøndelag er frå Vestland.

Turen har gitt Kyrre rom til å tenke.

— Eg har tenkt på alle småbruka som eg har sett på køyreturane; tomme, aude og attgrodde. Og så har eg tenkt på alle dei som har budd der, og alt dei har bidratt med til lokalsamfunna. Det er trist at det ikkje skal vere grunnlag for drift på desse gardsbruka, seier han.

På fleire av spelestadene i Trøndelag har det vore lagt opp til debatt etterpå, også på Hitra, og støtt har det same temaet kome opp: Kor viktig det er å drive jorda, og korleis systemet kunne vore innretta på ein annan måte. Burde det vore ei slags grunnløn for å drive jorda her i landet?

Som sagt, mykje å tenke på. Hender det at han blir motlaus?

— Eg vil kanskje ikkje bruke eit så sterkt ord som motlaus. Det finst ei motkraft. Småbrukarlaget har kome i ein slags posisjon og prøver å seie ifrå om korleis ting er. Så får dei kjeft fordi dei er lite konstruktive og kjem med for få gladsaker; det er jo gladsaker landbruksminister Sandra Borch vil ha. Men det går ikkje an å sminke på verkelegheita. Eg håper Småbrukarlaget vil halde fram med å seie ifrå, og at dei etter kvart får gehør, seier han.

Kyrre Eikås Ottersen saman med Torkil Sandsund i kulissene til Bondetinget. Foto: Heidi Hattestein

Overalt har folk kome og snakka med Kyrre etter framsyninga. Nokre tilbakemeldingar går att:

  • Bondetinget er folkeopplysning på høgt plan.

  • Det som kjem fram i stykket er rett og etteretteleg.

  • Ein historisk augeopnar, men samstundes ubehageleg dagsakutelt.


Kyrre siterer bonde og statsvitar Svenn Arne Lie, fritt etter minnet.

— Jordbruket må ut av jordbruket. Med det meiner eg at jordbruket er noko som angår oss alle. Det handlar om beredskap, sjølvforsyning, busetjing og bygdene våre med mykje meir, og det bør ikkje vere noko som foregår i lukka forum, seier Kyrre.

Han har alltid meint at bøndene bør få betre betalt. Men korleis det heile heng i hop, og korleis strukturane dreg i feil retning, det har han ikkje forstått før arbeidet med Bondetinget. Han har lært mykje av dramatikar og regissør Torkil Sandsund.

— Torkil hadde denne intuisjonen om at noko er fullstendig gale i jordbruket og i bygdene våre, og han sette i gang eit vanvittig researcharbeid over år, mellom anna eit nitidig arbeid med å få tak i talene som bondelagstoppar og andre har heldt opp igjennom åra. Dette er ord dei har sagt og ikkje kan kome ifrå. Det er fascinerande å sjå korleis tonen har endra seg. Før krigen snakka ein så varmt om jordbruket og bøndene. Mennesket stod i sentrum. Etter krigen snudde det fullstendig, prallellt med at samfunnsøkonomiske idear frå Amerika begynte å sive inn. No er det økonomien som står i sentrum, og det øydelegg norsk jordbruk og bygger ned bygdene våre, seier skodespelaren.

Kyrre Eikås Ottersen i Bondetinget. Foto: Espen Nyttingnes.

Å spele ein monolog kan følast einsamt. Det kjende nok Helge Bergo på òg, i sin kamp.

Grensene mellom skodespelaren og mannen han speler blir viska litt ut.

La oss kalle det eit einmannsopprør mot systemet.

 

BONDETINGET:

Av Torkil Sandsund
Regissør Torkil Sandsund
Dramaturg Aslak Moe
Lysdesignar Krystian Myska
Visuelt uttrykk Torkil Sandsund
Dekormålar Charlotte Rintler
Medverkande Kyrre Eikås Ottersen

 
Heidi Hattestein